— Ny europaveg først

Kari Aakra Reguleringsplanane for ny fem kilometer lang sykkel- og gangveg langs E134 frå Etne […]

Kari Aakra

Reguleringsplanane for ny fem kilometer lang sykkel- og gangveg langs E134 frå Etne sentrum til Håfoss/Vad er nå ute på høyring. Ei stadig aukande trafikkmengd gjer den kronglete og tronge strekninga overmoden for oppgradering. Sjølv om dei alle meiner gang- og sykkelvegen nå er eit positivt tiltak frå Etne kommune, har 25 vegnaboar frå Grindheim til Vad har skrive brev til kommunen der dei ber om at vedtak om gangvegem blir utsett.

Blant desse er Anders Grønstad, Eva Vae, Sjur Inge Stødle og Lars Grønstad.
— Ein gangveg er lite framtidsretta når ein ikkje veit kor vegen faktisk blir liggjande i framtida, meiner dei. Det er tvilsamt at europavegen vil bli liggjande på same strekning. Difor vil det vera dårleg heilskapstenking om ny gangveg blir laga nå, med dei negative, og truleg unødvendige, følgjer det vil få for grunneigarane.

—  Det er viktig å sjå på heilskapen i dette, samordna planane fram i tid og få dette med på kommuneplanen. Ein må forstå at Stordals-problematikken med E134 gjeld heilt ned hit, der ein treff på ein av dei verste parsellane langs heile europavegen gjennom Etne. Og ein må jo spørja seg kor lenge me skal tåla ein stamveg utan gul stripe,  undrast grunneigarar og vegnaboar. 

Verdien på fleire eigedommar langs vegen vil bli reduserte med gangvegen og følgjande utviding av E134. I tillegg vil utbygginga møta på verna vassdrag og må gjennom arkeologiske utgravingar. Eit enormt ressurskrevjande arbeid og negative følgjer for grunneigarar kan bli unngått, om ein først og fremst set ny E 134 på dagsorden.

— Dersom E134 blir liggjande  på denne strekninga som i dag, skal me godta det, og me får ta dei utfordringane etterkvart. Men me ser ikkje for oss korleis problema med trafikkavvikling skal løysast ved den nåverande vegen. Vegvesenet skal få nok av utfordringar dersom dei vil prøva på det, trur grunneigarane. 

Sjølv meiner dei ein tunell under det akruelle området til Lurasund vil vera eit godt alternativ for ny E134-trasé. Slik kan den nåverande europavegen frp nedre Grindheim til Vad/Håfoss seinare bli brukt som lokalveg, gang- og sykkelveg.

Les meir i måndagens Grannar.