Opnar for permanent strikkhopping

Like før helga sendte Vegrektoratet ut forslaget til nasjonale retningslinjer for strikkhopping frå offentlege bruer, […]

Like før helga sendte Vegrektoratet ut forslaget til nasjonale retningslinjer for strikkhopping frå offentlege bruer, og det er godt nytt for det nye turisttilbodet i etne kommune. Byråkratane vil ikkje ha denne aktiviteten på bruer som kryssar landegrenser, og i praksis vil dette seia eit generelt nei til gamle Svinesund bru.

Petter Kvalsvik som har fått løyve til ein prøvesesong i Åkrafjorden, tolkar framlegget positivt for Trolljuv bru.                           — Eg vil venta med å kommentera saka til eg har lese forslaget betre, men eg er alt i gang med å planlegga ein ny sesong i Åkrafjorden, seier han til Grannar.

Kvalsvik har gjennomført over 500 hopp når sesongen nå er på tampen. Han er svært tilfreds med interessa og med responsen frå kundane.
Trolljuv bru er freda, og forslaget frå direktoratet seier om denne kategorien, at ein må utvisa ei særleg restriktiv haldning til strikkhopping då dette kan vera uforeineleg med føremålet til fredinga.
Dagens hopping frå Trolljuv bru har alt vore gjennom ein prosess med fredingsstyresmakt.