Sjeldan fangst

Ein robust fisk blei dregen på land, då Idsøe låg med båten sin heilt inne […]

Ein robust fisk blei dregen på land, då Idsøe låg med båten sin heilt inne ved Skånevik. Han er ein erfaren fiskar, men kan ikkje hugsa å ha sett liknande tidlegare.

Med sin 60 cm lange og 42 cm høge kropp har fisken vore eit aldri så lite mysterium for fiskaren.

— Fisken er kvit under og mørk oppå, og har finner både oppå og under.  Eg har aldri sett liknande, men nokon meiner det kan vera ein månefisk eg har dratt på land. Likevel meiner dei at han er noko for stor til det, seier Idsøe.

Han tek gjerne i mot forslag frå andre om kva skapning han har fanga i Skånevik.