Sjuke av utslepp i elva

Jon Edvardsen Ekteparet som bur mindre enn 15 meter frå elva, fann ikkje ut kven […]


Jon Edvardsen

Ekteparet som bur mindre enn 15 meter frå elva, fann ikkje ut kven dei skulle ringe til for å rapportere om forureininga i førre veke, og ringte dermed ordførar Arne Bergsvåg for å få svar.
Han sa han skulle ta saka vidare og kontakta landbrukskontoret neste morgon. Det gjorde han også. Men då Grannar fredag kontakta ansvarleg for miljøsaker i kommunen, Alf Ove Bull Tornøe, hadde han ikkje høyrt eit kvekk om forureininga som per definisjon skal handsamast som miljøkriminalitet fram til noko anna er stadfesta.

«Slarve gjort»
Ordførar Bergsvåg køyrde gjennom Ølen sentrum tysdag kveld og fylte bensin på Shell rett ved elva, og han kjende sjølv den stramme eimen av silosaft. Men ekteparet Heggen si bekymringsmelding har altså blitt vekke som dogg for sola.
— Det var besynderleg. Alle veit jo at eg har ansvaret dersom det blir rapportert om slike utslepp, seier Bull-Tornøe.
Heggen som prøvde å varsle om forureininga synst det er dårleg gjort at kommunen ikkje tar saka meir alvorleg enn at den blir forsømt.
— Det er slarve gjort. Vi engasjerte oss i denne saka og tok kontakt med ordføraren. Det trudde eg skulle vere den beste vegen når vi ikkje visste kven som har ansvar for slike saker.

— Eg angrar på at vi ikkje ringte politiet. Men det hadde vel ikkje vore hjelp i det heller. Det er som å ringe kongen, seier Heggen.

Vart sjuke
Det er ikkje første gongen Marit Iren Gordon Heggen og Børge Heggen har kjent lukta av silosaft og griseskit frå elva gjennom Eiodal. Men no var utsleppet så stort at dei rett og slett vart sjuke av det.
— Det var i nitida om kvelden vi kjende lukta av silosyre. Vi sat i stova og det byrja å renne frå auga og kona mi måtte brekke seg. Eg vart og kvalm og fekk vondt i hovudet. Ute var det endå verre, fortel Børge Heggen.
Han meiner utsleppet må kome frå ein kum som det enten har gått gale med, eller bevisst er sleppt ut silosaft frå. Han vil ikkje spekulere i kven som kan ha sloppe ut silosafta, eller korleis det kan ha skjedd.

Begeret fullt

— Dette var så alvorleg at begeret var fullt for oss. Denne gongen ville vi gjere noko med det. Uansett kva som er årsaka, så skal ikkje slikt skje, meiner huseigaren i Eiodalen.
Dersom ingen melder frå fungerer heller ikkje kontrollen med miljøutslepp, meiner han. Han hadde håpa på at kommunen nøsta opp i saka og dermed kunne få sett ein stoppa for at slikt skjer i framtida. Det han har kjent av lukt frå elva tidlegare tyder på at alt ikkje er som det skal vere med avrenning og utslepp i vassdraget.
— Når ingenting blir gjort, kan ein stille spørsmål om kor tid det vil skje neste gong, seier Børge Heggen.
Dei har i alle fall ikkje lyst til å oppleve ein tilsvarande episode som dei hadde tysdag kveld.

Forstår reaksjonen
Ordførar Arne Bergsvåg meiner det må vere svikt i systemet når meldinga om forureininga i Eioelva ikkje er sjekka opp. Det har kommunen plikt til.
Han forstår at ekteparet Heggen i Eiodalen er skuffa etter at meldinga deira om forureining stoppa opp i kommunen. At det var ordføraren som bad sin eigen organisasjon om at saka vart følgt opp, var heller ingen garanti.
— Eg kan ikkje svare på kva som har skjedd, men dette skal vi ta på alvor. Vi kan ikkje vere kjende av at det ikkje blir reagert når vi får ei slik melding. Det er vår plikt, seier Bergsvåg.
Han ser på utsleppet som eit faktum etter å ha kjent lukta sjølv.
— Eg skal gripe fatt i kva som har skjedd i denne saka og kva som er svikten i systemet. Meldinga er ikkje kome fram til rette vedkomande, seier han.
Men når det er gått ei veke, er det tvilsamt om undersøkingane fører fram. Med eit punktutslepp kan nedbøren ha viska vekk alle spor.
— Det er eit kurrant område å finne ut kor ei eventuell avrenning er. Men er det eit sjokkutslepp, må ein vere der og då, seier Alf Ove Bull Tornøe som er ansvarleg for så sjekke slike utsleppssaker.