Siste miks og finpuss på verket blir i desse dagar lagt i ABC Studio i Etne. «Blod på spora» er ei omsetjing til nynorsk av Bob Dylan si «Blood on the Tracks», og soloplate nummer to frå den tidlegare vikebuen Tom Roger Aadland.
Den tidlegare musikklæraren i Haugesund var over 40 år gammal då han i 2007 debuterte som soloartist. Den gongen var det ei veldig irsk plate, som blei spelt inn i Dublin og utgitt i Irland før ho blei lansert i Noreg. Aadland bur i Oslo, men på denne plata vil han tilbake til sine nynorske røter, og har valt eit studio midt i nynorskbygda Etne. Aadland syng på morsmålet sitt, men tekstane er henta frå Amerika.
Tidlause tekstar
— Eg hadde stoppa dersom det ikkje hadde passa å oversetje Dylan til nynorsk. Men eg oppdaga faktisk at tekstane blei like gode og kanskje endå sterkare på nynorsk. Tittelen «Blod på spora» synest eg kling sterkare enn originalen, og likeeins «Lagnaden sin vri» som eg har kalla Dylan sin «Simple Twist of Fate», seier musikaren frå Vikebygd.
Han meiner Bob Dylan sine tekstar har eit tidlaust preg som lett lar seg framføre på eit anna språk.
— Dylan har plukka frå veldig mange kjelder, og ein finn spor av mykje eldre klassisk litteratur, og han har tatt vare på det arkaiske elementet. Dylan ser veldig vidt i tid, både langt tilbake og langt fram, og er tidlaus i ordet si rette forstand, meiner Tom Roger Aadland.
Den tidlegare musikklæraren fortel vidare at det ofte blei betre å bruke ei direkte omsetjing frå engelsk i staden for å vere veldig kreativ i val av ord.
— Nynorsk er i seg sjølv eit svært poetisk språk som eignar seg svært godt til song, kjem det frå den plateaktuelle vikebuen.
Turnerer i bibliotek
I studio har Aadland hatt med seg musikarar frå Haugesund-bandet The Low Frequency in Stereo, men når han til hausten drar ut på turné, blir det berre han og kassegitaren.
— Dette er eit prosjekt der tekstane står i fokus, og eg skal opptre på ein del bibliotek og kulturhus rundt omkring i landet. Derfor passar det betre å framføre dette materialet solo. I tillegg trur eg det hadde blitt litt trongt å ta med seg fullt band rundt på bibliotek, seier 45-åringen.
Men i studio ville han ha band, for han trur det fort ville blitt eit litt tynt lydbilde utan rytmeinstrument på ei plate.
— Det er litt vemodig å avslutta dette studioprosjektet nå, men først og fremst er det kjekt å få fullført plata, seier musikaren.
«Blod på spora» er forventa å bli gitt ut i midten av oktober. 27. oktober blir Tom Roger Aadland å sjå i biblioteket i Ølen, og 31. oktober kjem han til Etne.
Og 45-åringen frå Vikebygd har ikkje tenkt å gi seg med plateinnspeling etter dette. Han har allereie planar om å starte på eit nytt album til neste år, men då kjem han nok til å synge på engelsk.