Til topps

Kari Aakra 13- og 14 åringane på jentelaget frå Etne gjekk uslegne gjennom Telemark Cup […]

Kari Aakra

13- og 14 åringane på jentelaget frå Etne gjekk uslegne gjennom Telemark Cup (tidlegare Grenlands cup) i Porsgrunn i helga. I løpet av fire kampar slapp gull-jentene berre inn tre mål, og gjekk strake vegen til finale, der dei til slutt gjekk sigrande ut 3-0.

— Det sto 0-0 til pause, men dei tok motstandarane på kondisen og eit godt angrep. Me visste me hadde eit godt lag då me reiste, og me gjorde det godt også i fjor, fortel trenar Erling Grindheim, som trur det er meir enn finalesigeren som har gjort inntrykk på jentene.

— Dei fekk cup-billettar til kampen mellom Odd og Brann i Skien, og trur dei plukka nok med seg ein del uforgløymelege minne då dei var innom Brann-leiren, fortel Grindheim.

cropped

G15-laget fekk bronseplass i  helga, og reiste svært så nøgde heimatt.

Gutane frå 15-årslaget i Etne reiste heller ikkje tomhendte heim. Bronsplassen sikra dei seg etter 3-1-siger mot Stridsklev.
— I fjor kom me oss til b-sluttspelet, så me var stornøgde med bronsen i år. Det var veldig jamne lag, og den hardaste kampen var mot Odd på kunstgrasbane, der me tapte 2-0, fortel oppmann Geir Arne Hansen.