Det har den siste tida vore ein del ulovleg fiske etter freda arter i Kyrping-området i Etne. Politiet har fått tips om fiskinga, og bringer saka vidare til Kystvakten.
— Det er fanga både fisk og humar, og blitt brukt ulovleg garn, åleruser og åleteiner. Me vil be Kystvakten halda eit særskilt godt auge med dette, då denne fiskinga har føregått over lengre tid, seier lensmann ved Vindafjord og Etne lennsmannskontor, Ingvar Gjærde.
Gjærde fortel vidare at det skal vera både fastbuande og utanlendingar som står bak ugjerningane.