Utfordring for senter

Kari Aakra I løpet av hausten vil ombygginga av lokala ved Coop Mega koma i […]

Kari Aakra

I løpet av hausten vil ombygginga av lokala ved Coop Mega koma i gang. Posten skal då forlata dei nåverande lokala og få skranke ved inngangen der Begge to nå er, saman med ein tippekasse.  Resten av lokala til kleforretninga vil bli brukt av Mega, som lenge har hatt for tronge lokale.
— Me vil kopla dei to lokala saman, for å gjera plass til post og Mega. Det er synd at Begge to blir avvikla, for det er mange som ha sett stor pris på butikken, seier styreleiar i Ølen Samyrkelag, Arne Borgemyr.

Liten omsetning

Begge to er driven av Ølen samyrkelag, og klesforretninga skal nå selja ut varene før dørene stengjar og ombygginga til post og daglegvare tek til. Sjølv om Begge to har vore ein populær butikk på senteret, har ikkje omsetninga vore god nok, fortel Borgemyr.
— Skal ein få ein butikk til å gå trengst større omsetnad enn det har vore. Begge to har påført oss eit underskot. På Mega prøver me også å gjera drifta meir lønsam, men klede er ein utsett bransje og krev sitt av utgifter, seier Borgemyr.
Omsetninga hjå Ølen samyrkelag hadde ei god vekst frå 2007 til 2008, og låg i fjor på nærare 74 millionar kroner. Også i år kan Borgemyr fortelja om ytterlegare vekst, men seier det er vanskeleg å halda botnlinja.
— Sjølv om me held oppe omsetninga, har me knappe marginar og strevar litt med resultatet, og me er stadig i tenkeboksen om eventuelle løysingar for daglegvarebuitkken.

Butikkmangel
Når posten flyttar inn i lokala ved Mega blir det ståande to tomme lokale i Ølen senter. Førebels er det uvisst kva som vil skje med desse. Borgemyr meiner senteret kan stå overfor ei utfordring her.
— Det er for gale at det skal stå tomme lokale her, og eg ser for meg at senteret har ein jobb å gjera for å få inn nye aktørar. Men senteret er eit fellesskap og me i samyrkelaget er også medvitne på vår rolle for senteret i framtida, seier Borgemyr. 
Styret i Ølen samyrkelag drøftar korleis drifta kan leggjast om i framtida for å sikra betre lønnsemd. Mellom anna er det lufta eit alternativ om utbygging og eventuell integreringa av Byggmix i senteret.
Borgemyr trur Ølen senter vil tena på ei styrking av profileringa, og auka fokus på butikkmiksen kan betra attraktiviteten for nye aktørar til bygget.
Styreleiar i Ølen senter og Ølen Forum, Arne Matre meiner også at det ligg ein jobb føre sentrumsaktørane. 
— Me har enno ikkje jobba noko med framtida for dei tomme lokala. Men Ølen forum og senteret bør nok by seg meir fram og reklamera for å kapra nye leigetakarar. Ting kjem ikkje av seg sjølv, og me må bli meir aktive, seier Matre.