Vått volvostemne i Etne

Ivar Teigland Sjølv om frammøtet berre var halvparten av det dei hadde i fjor, er […]

Ivar Teigland

Sjølv om frammøtet berre var halvparten av det dei hadde i fjor, er volvogjengen godt nøgde med å ha gjennomført eit nytt treff.
— Til saman hadde me eit oppmøte på 25 bilar i helga, mens det i fjor var 50 bilar her. Det dårlege vêret må nok ta ein god del av skulda, fortel arrangør Jostein Grindheim frå Etne.

Dette er andre året det blir arrangert Volvo-treff på Etne Camping, og bilentusiastane satsar på nytt treff ei helg til neste år òg.
— I staden for at kvar enkelt står heime i sin garasje og pussar på Volvoen sin, er det mykje betre at me samlast, kjem det frå Espen Berge frå Haugesund, ei av dei andre eldsjelene bak stemnet.

Stor lidenskap
Det er tysværklubben «Volvologen» som står bak samlingane, og ein fast post på programmet er cruisingtur til Skånevik. I tillegg har dei mange loddtrekningar der bedrifter på heile Haugalandet sponsar med premiar.

Arrangementet samlar folk frå heile regionen, og det kjem tilreisande i alle Volvo-variantar. Den eldste doningen i år var ein 1953-modell, mens den nyaste Volvoen var frå 2004.

I alder spenner det òg vidt, og den yngste gjesten på 17 år var ikkje gammal nok til å kjøre sjølv, men stilte likevel med eigen bil. Eldstemann var 65 år gammal, og lidenskapen for samlingane er stor.

— Me fekk besøk av ein ihuga volvoeigar som fekk motorstopp på vegen hit, og kom slepande inn her av Viking, humrar Harry Helgeland frå Tysvær.

Men den uheldige gjesten fekk hjelp av mange gode volvohender, og kunne kjøra bilen heim igjen frå stemnet.

Den gjevaste prisen er kåring av finaste bil, og etter ein jamn konkurranse som enda med loddtrekning, blei det i år Jostein Grindheim sjølv (biletet under) som stakk av med pokalen.

nett_58-09_volvo2.jpg