9 år den 9. i 9. i 09.

  Anita Haugland og Arne Frøkedal Den påtroppande niåringen i Vindafjord er i ein eksklusiv […]

Anita Haugland og Arne Frøkedal

Den påtroppande niåringen i Vindafjord er i ein eksklusiv klasse. For i heile landet er det ikkje fleire enn 137 personar som blir ni år på denne spesielle datoen. Sjølv har jubilanten tankane på anna når fødselsdagen nærmar seg.
— Det kjekkaste med å ha bursdag er å få pakkar, seier Kjersti Søndenå Nygarad til Grannar.

Få fødslar
Svein Inge Holm som jobbar med befolkningsstatistikk ved Statistisk sentralbyrå (SSB), opplyser til Grannar at niande september 2000, då Kjersti kom til verda, var den dagen i denne månaden dette året, med færrast fødslar.
— Tala våre viser at det per ved  inngangen til året budde 137 personar i landet som var født på denne dagen i 2000. Om det har skjedd endringar sidan årsskiftet, kan eg ikkje seia.
Holm sine tilsvarande tal viser at Kjersti truleg må dela denne spesielle bursdagen med 18 andre niåringar i Rogaland. I Hordaland er det 16 personar med ni års fødselsdag niande september i 2009.
SSB sine tal viser elles at det per 1. januar i 2009 budde 12.608 personar med fødselsdag 09.09. Men at 1. april tidlegare har toppa lista over landets aller største fødselsdag med rundt 14.600 feiringar.

Tre feiringar
Kjersti har ingen spesielle ønske for dagen, men innrømmer at det er kjekt å få pengar. Til vanleg er det stell av hønene i hagen som tek mesteparten av tida til åtteåringen, men i det siste har også bursdagsplanlegging vore i tankane hennar.
Den spesielle datoen skal nemleg feirast tre gonger. Først saman med jentene i 4. klasse ved skulen i Nedre Vats, og deretter med både mamma i Nedre Vats og pappa i Ølen.
— Kva er dei kjekkaste leikene i selskap nå for tida?

Pølse og stappe
— Det må vera «krabbe, fisk eller fugl», når me skal leita fram godteposane, seier Kjersti Søndenå Nygård.
Ho har allereie planlagt kva gjestene skal få servert. Denne dagen får Kjersti bestemme det meste sjølv.
— I selskapet skal eg ha pølse og potetstappe, fordi eg har ei venninne som ikkje toler pølsebrød, seier jubilanten.
Av kaker er det jordbærkake med krem som er favoritten.
— Eg gledar meg til denne dagen, seier jenta med nital i både alder og dato, månad og år.