Årets nedtur for Etne

— Me spela elendig, og var dårlege over heile fjøla. Spelemessig var det den dårlegaste […]

— Me spela elendig, og var dårlege over heile fjøla. Spelemessig var det den dårlegaste kampen me har hatt i år. Eg må nesten beklaga for publikum at dei måtte sjå så dårleg spel, seier trenar Vidar Aastvedt.

Og det var neppe noko superspel frå dei tilreisande som gjorde kampen dårleg. Etter heile 89 minutt kom kampens einaste mål.
— Halsnøy er ikkje eit særleg godt lag, og målet deira var i grunnen det einaste som skjedde heile kampen. Men me har hatt dårleg oppmøte på treningar i det siste, og eg blei sjølv litt passiv til kampen då midtbanespelar Jon Inge Birkenes måtte grunna skade etter ti minutt. Eg har alltid stolt på han i kampane, så eg blei litt satt ut, seier Aastvedt, utan at han unnskuldar tapet av den grunn.

Nå er derimot hemnlysta tilbake, og Etne-trenaren trur det kan gå hardt utover motspelarane om ei lita veke.
— Eg tykkjer allereie synd på Falkeid som me møter på fredag. Gutane mine skal få love til å ha ein dårleg dag dei også, men slike tap som dette skal me ikkje ha på oss, seier Aastvedt.

Kampfakta

Etne- Halsnøy 0-1
Etne Stadion
5.div herrer

89. min. 0-1 Halsnøy