— Me er avhengige av opplysningar for å få gjort noko med dette, seier lensmann ved Vindafjord og Etne lensmannskontor, Ingvar Gjærde.
Han seier at vinningskriminaliteten har blomstra i distriktet dei siste månadane. Tjuveri av verktøy og drivstoff har eksplodert i både Etne og Vindafjord. Politiet står makteslause i jakta på tjuvane, dersom dei ikkje får opplysningar frå publikum.
— Folk må byrja bli nysgjerrige, og notera seg det dei ser. Dersom ingen har sett noko, er det heller ikkje særleg me kan gjera, seier Gjærde.
Grannar skreiv 14.september om fleire transportfirma som stadig opplever dieseltjuveri, og tjuvar som tar seg til rette på dei frekkaste måtar. Tusenvis av liter diesel har forsvunne den siste tida.
I natt var det nytt innbrot i ein arbeidsbil parkert ved Gjestegården. Tjuvane hadde knust ei rute og tatt seg inn ei bakdør, før dei stal med seg dyrt verktøy. Samtidig blei 200 liter diesel stole frå Jans Hydraulikk.
I løpet av helga prøvde tjuvar å ta seg inn hjå Vikedal Mur og anlegg. Dei forsøkte å bryta seg inn gjennom vindauga til kontoret, og har også tatt seg inn i nokre køyretøy. Også her er det snakk om tjuveri av drivstoff, seier Gjærde.
— Me er heilt avhengige av det kjem tips i desse sakene. Dersom folk ser noko eller nokon som kan vera mistenkelege i samband med dette, vil det vera til stor hjelp, seier Gjærde.
Han poengterer også at det ikkje berre er utlendingar som er mistenkte for drivstofftjuveria, slik hovudmistanken var retta då Grannar skreiv om tjuveribølgja 14.september.
— Det er fleire aktørar dette dreier seg om, og det er lokale heltar så vel som utanlandske som står bak desse tjuveria, seier Gjærde.