Frp toppar i Etne

Med 24,8 prosent av stemmene toppar førebels Frp valet i Etne, medan Ap ligg hakk […]

Med 24,8 prosent av stemmene toppar førebels Frp valet i Etne, medan Ap ligg hakk i hæl med 23,5 prosent. 27 stemmer skiller dei to partia Senterpartiet hamnar kjem på tredje plass, med 19,7 prosent. 

—  Eg er Kjempenøgd! Eg håpa me ville matcha resultatet frå 2005-valet og det gjorde me. Når det gjeld resultatet på landsbasis, hadde eg nok håpa på meir, men slik går det alltid mot slutten av valkampane. Men eg trur likevel folk byrjar å vakna nå, Frp viser seg å vera sterke i små kommunar, det har blitt ein naturleg tendens, seier Roger Nilsen, gruppeleiar i Etne Framstegsparti.

Dei tre toppartia i kommunen går alle fram frå Stortingsvalet i 2005; Frp går fram med 0,8 prosent, Ap med 1,7 prosent og Sp med 2,3 prosent.

— mMe er kjempenøgde med resultatet og ein strålade valkamp. Heilt topp i Etne, og me har styrka oss veldig, meiner gruppeleiar for Arbeidarpartiet i Etne, Siri Klokkerstuen.

Ordførar Sigve Sørheim (Sp) frykta nominasjonsrotet der Steinulf Tungesvik blei vraka, ville få følgjer for valet.

—    Nasjonalt skulle eg gjerne sett at me gjorde det betre.  Men eg er særs nøgd med både fylkes- og lokalplan. Det har trass alt vore ein svært turbulent nominasjon, mykje att og fram i etterkant, og tydeleg kva medlemmene våre meinte om det. Eg frykta nok at det ville slå ut, seier Sørheim.

Det er Høgre som har auka mest dette året samanlikna med førre stortingsval. Med 13,2 prosent av stemmene, ligg Høgre i pluss med 3,1 prosent i samanlikning med førre val. 

Valdeltakinga i Etne kommune hamna på 72,6 prosent.

Etne
Parti Stemmer Prosent %
Ap 490 23,5%
SV 60 2,9%
SP 410 19,6%
Frp 517 24,8%
H 275 13,2%
KrF 228 10,9%
V 57 2,7%
Raudt 16 0,8%