Frp vann skulane

Skulevala blir ofte brukte som ein peikepinn på resultat av det ordinære valet. Slik sett […]

Skulevala blir ofte brukte som ein peikepinn på resultat av det ordinære valet. Slik sett vil Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Arbeidspartiet få brorparten av stemmene i distriktet. Samanlikna med landsgjennomsnittet held skulane i distriktet same tendensen med Frp i toppen med 23,7 prosent av stemmene. Ap ligg på landsbasis like over med 23,8 prosent, noko som derimot ikkje gjenspeglar veljartendensen lokalt. 

Klar KrF-siger
Ved Lundeneset vidaregående skole hamna KrF på topp, med 58,5 prosent av stemmene. Også her hamna Frp blant topp tre, sjølv om dei berre fekk 5,7 prosent, bak Sp med sine 24,5 prosent. KrF har utan unntak alltid vunne skulevala ved Lundeneset, og Frp har også tradisjonelt sett gjort det godt ved privatskulen.
Ved Lundeneset var det i år derimot lita valdeltaking i forhold til tidlegare. 90,5 prosent brukte retten sin til å stemma, medan talet har lege på om lag 95 prosent før.

Rekord i Ølen
Likevel er deltakinga ved Lundeneset høgast i distriktet. Ved Ølen vidaregåande røysta 77, 3 prosent av alle med stemmerett. 
Ved dei siste vala har partia på topp tre etter skulevalet dette året, lege på topp ved Ølen vidaregåande. Oppslutninga hjå Frp har vore solid dei fleste åra, og var sist på topp med 29,1 prosent ved stortingsvalet i 2005. Likevel sette Frp-veljarane rekorden i år, med 43,7 prosent av stemmene. Ein auke på 19,8 prosentpoeng frå valet i 2007.

Frp-tradisjon i Etne
Ved Etne vidaregåande skule var valoppslutninga på 84,4 prosent av alle med stemmerett. Med skulevalet denne hausten har Etne avvikla sitt tredje val, og Frp har hatt gjennomgåande dominans. I 2005 fekk partiet 37,5 prosent, for to år sidan 47,6 og i år over 60 prosent av stemmene, noko som tilsvarar 37 stemmer. KrF hamna på ein svak andreplass, med 7 stemmer, medan Venstre, Raudt og Ap fekk fire stemmer kvar.

                    nett_65-09-tabell.jpg

Les meir i papiravisa måndag.