God oppslutning ved kyrkjeval

Ivar Teigland Ved førre kyrkjeval i 2007 var det 84 personar som stemte i Etne. […]

Ivar Teigland

Ved førre kyrkjeval i 2007 var det 84 personar som stemte i Etne. I år var det 346. Valdeltakinga har blitt omlag fire gonger så stor, og kyrkjeverje Harald Sirnes er godt nøgd.
— Me er ennå ikkje heilt ferdige med finteljinga, og det merkast at det er mykje meir etterarbeid nå enn ved førre val, fortel Sirnes.

I Skånevik er det same tendens. Av dei 874 som kan stemma i soknet, har 159 personar nytta seg av stemmeretten. Valdeltakinga i Skånevik hamnar derfor rett over 18 prosent, mens Etne med sine 1947 stemmeføre hamnar rett under 18 prosent.
Tala for Vindafjord sine åtte sokn var ennå ikkje klare då Grannar gjekk i trykken onsdag.

Forvirring
Strategien med å ha kyrkjevalet samtidig som det politiske valet har slått godt an over heile landet, og skapt meir merksemd rundt kyrkjevalet. Ei valdagsmåling tatt opp blant dei som stemte ved stortingsvalet, viser at ein av fem også stemte ved kyrkjevalet.

Men kyrkjevalet er to val, eitt til bispedømerådet og det andre til soknerådet, og kva ein skal gjera med dei ulike vallistene har skapt forvirring.
— Spesielt i forhold til bispedømerådsvalet var det mykje rot, fortel kyrkjeverje Sirnes.
For dette valet er det ei liste med kandidatar ordna etter alfabetet, der ein skal setja kryss på ein til fem kandidatar som ein rangerer. Men kyrkjeverja opplyser at mange hadde ikkje kryssa i det heile, eller kryssa feil.
For soknerådsvalet var det ikkje behov for å kryssa av på noko med mindre ein ville endre på noko, og desse ulike valordningane er truleg det som har ført til forvirring.