Ein semitrailer som kom frå aust, greidde ikkje svingen mellom Håfoss og Grønstad i Etne tidleg måndag ettermiddag. Det store køyretøyet køyrde gjennom eit gjerde og blei ståande like heil på eit jorde like ved E134.
Også mellom Kyrping og Åkrafjordtunnelen gjekk det gale for ein trailersjåfør om lag på same tid. På veg frå vest mista han kontrollen over køyretøyet slik at hengjaren velta utfor på høgre sida av vegen.
Ein redningsbil frå Viking er på staden og fekk assistanse frå ein gardbrukar med traktor.
Det var ingen personskade ved dei to uhella, og politiet er ikkje varsla.