Hadde hovudet kaldt

Jon Edvardsen Kolnes har rykte på seg for å vere eit lag med mange kjeftesmeller, […]

Jon Edvardsen

Kolnes har rykte på seg for å vere eit lag med mange kjeftesmeller, men i kampen mot Ølen var dei så ampre at dei også miste hovudet. Det resulterte etter kvart i to raude kort, og gjestene måtte klare seg med ni spelarar på banen mot Ølen sine elleve.

— Vi kan vere heite i toppen, men denne gongen klarte vi oss godt mot eit lag som var opptatt av gule og raude kort, og å kjefte på dommaren. Vi klarte å ta vare på roen, seier Ølen-trenar Magne Skålnes.

Han er glad for at laget med tre nye poeng bit seg fast i den gode haustsesongen der statusen er fire sigrar, ein uavgjort og eitt tap.

Kaptein Espen Vaka har ein del av æra for dette. Med to nye mål mot Kolnes, har han scora 14 sidan sesongstart. Odd Bjarne Brekke kom også på scoringslista, og den superraske spelaren har potensial til å score fleire mål dersom han får ballar å løpe på.

Les meir i måndagsutgåva av Grannar

Kampfakta

Ølen – Kolnes 3-2 (1-2)
Ølen stadion, torsdag
5.divisjon herrar

3. min. 0-1 Kolnes
14. min. 1-1 Espen Vaka
28. min 1-2 Kolnes
60. min 2-2 Espen Vaka
69. min 3-2 Odd Bjarne Brekke

Gule kort: Kolnes 2
Raude kort: Kolnes 2
Dommar: Tony Liestøl, Haugesund
Tilskodarar: Ca 40