Haustboom ved Westcon

Arne Frøkedal Det er ser relativt roleg ut ved West Contactors AS sitt verft i […]

Publisert Sist oppdatert

Arne Frøkedal

Det er ser relativt roleg ut ved West Contactors AS sitt verft i Ølensvåg i dag. Men det er ei stille før stormen.
— Me går nå mot ei av dei største toppane me har hatt noko gong, opplyser konsernsjef Øystein Matre til Grannar.
— Utfordrande
Over tusen personar vil vera i sving for Westcon i haustboomen som nå står for døra. I løpet av ein månad vil tre store boreriggar koma til verftet for ulikt arbeid.
Samstundes førebur Westcon levering av det første av to like dykkarskip i november/desember, før søsterskipet kjem inn i løpet av første halvår 2010. I tillegg har verftet framleis ein god styrke i offshorearbeid om bord på riggen Aker Spitsbergen».
— Me står overfor ein hektisk og utfordrande periode, og den største aktiviteten på tre til fire år, seier Øystein Matre.

Flotell?
Totalt dreier det seg om godt over tusen personar i arbeid, dei aller fleste frå fleire titals underleverandørar og innleigde. Westcon sjølv har berre» kapasitet til å husa rundt 500 personar på området sitt, så det vil dryppa godt på andre med butilbod lokalt.
Men dette er ikkje nok, og verftet vurderer difor andre løysingar. Det kan vera innkvartering hos Aibel i Haugesund eller hos Aker på Stord. Eit flytande hotell, eller eit flotell, er også til vurdering, fortel konsernsjefen.
— Det er mange detaljar som skal på plass ved eit slikt innrykk, men me har gjort dette før, og skal takla det vel så godt som før, seier Matre.

Leiv Eriksson»

Boomen startar i løpet av få dagar med boreriggen West Alpha», eigd av Seadrill. Den kjem til Ølensvåg for klassing,modifikasjon og oppgradering, og blir liggande i rundt ein månad.
Ein annan kjenning, Fred Olsens Byford Dolphin», kjem tidleg i oktober, og skal gjennom mykje av det same som West Alpha» under det to månader lange opphaldet.
Den tredje boreriggen kjem siste halvdel av oktober, og blir verande i to til tre veker. Dette er Leiv Eriksson», tilhøyrande Ocean Rig, og er søsterriggen til Eirik Raude», som tidlegare har vitja Westcon.
— Dette oppdraget er det mest spesielle. Her skal me ta ned boretårnet for at djupvassriggen skal kunne passera under brua over Bosphorus-stredet ved Istanbul. Etterpå sender me folk til Tyrkia for å montera tårnet opp igjen, fortel Øystein Matre.

Den store boreriggen Eirik Raude» har gjesta Westcon tidlegare. Nå er det søsterriggen Leiv Eriksson» som gir arbeid til veftet i Ølensvåg. Foto: Ocean Rig

Utvida tilbod
Konsernsjefen kan ikkje seia kor store verdiar dei tre riggoppdraga utgjer, men opplyser at det totalt dreier seg om ein sum i hundre millionar klassen.
Samstundes er Westcon godt i gang med å førebu seg på ei krevjande framtid der verftet kan tilby nye typar oppdrag. Sjølv om det venta eit par nye riggjobbar første halvår 2010, og det er godt med skipsreperasjonar framover, er det førebels ingen utsikter til fleire kontaktar innan nybygg.
I løpet av neste år vil verftet ha vore gjennom investeringar for rundt 80 millionar kroner i anlegg og utbetring av kai- og hamneområde med meir og betre djupvasskapasitet. Dermed kan Westcon blant anna ta imot boreskip og andre større installasjonar.

Powered by Labrador CMS