Hoppar etter bestemora

Ivar Teigland Det er framleis Loppa som er mest ivrig når Kjellaug Selsaas i Nedre […]

Ivar Teigland

Det er framleis Loppa som er mest ivrig når Kjellaug Selsaas i Nedre Vats tar på seg treningsklede, og viljen til den tolv år gamle hunden er det ingenting å seia på. Men Loppa må finna seg i at hennar tid i rampelyset er forbi, for nå er det barnebarnet som overtar.

Hunden Flis blir fire år i oktober, og har vore i lydnadstrening sidan ho var svært lita. Kjellaug synest ho var lita som ei flis då ho var nyfødd, så derav det noko uvanlege namnet.
— Flis har eit betre utgangspunkt enn Loppa fordi eg begynte å trena ho opp med ein gong. Loppa var nesten fire år då ho begynte med lydnad, forklarar den engasjerte hundeeigaren.

Modningstid
Kjellaug er likevel spent på korleis det kjem til å gå med unge Flis når ho nå om ein dryg månad skal til VM i Bratislava i Slovakia og delta i si første internasjonale tevling. I august kom ho på fjerde plass i NM, og blei tatt ut blant dei seks på landslaget.
— Flis har trengt tida til modning, for ho har ein litt barnslegare veremåte, og ho er ny og uerfaren. Loppa var veldig trygg og erfaren på slutten, fortel hundetrenaren Kjellaug.
Det kjem òg fram i merittane til den tolv år gamle bestemora. Som niåring vann ho VM i Polen i 2006, og året før vann ho EM i Austerrike.

Ein ting er å gjennomføra lydnadsøvingane, noko heilt anna er det for hunden å takla det psykologiske presset med mange andre hundar rundt seg og store folkemengder.
Trygg leiar
— Mange trur at lydnad handlar om å vera streng, men det er heilt motsett. Det handlar om å få hunden til å føla seg trygg, seier Kjellaug.

For hundar er eit flokkdyr som har behov for ein leiar, og dressurtrenaren sin jobb er å vera den trygge leiaren.
— Viss ikkje hunden føler seg trygg saman med deg, kjem du ingen veg i treninga, forklarar lydnadstrenaren i Vats.
Lydnad er ein krevjande idrett som krev mykje konsentrasjon og disiplin. Hunden skal vera hurtig, men likevel presis i dei ulike øvingane som gjeld alt frå å henta gjenstandar til å hoppa over hinder, gjerne fleire ting i kombinasjon med kvarandre.

Kurs for franskmenn
Med internasjonale tevlingar blir det mykje reising, og hunden er sjølvsagt med over alt i hundeburet.
— Ein gong i 2000 hadde eg vore i Portugal med hannhunden Varg, som eg hadde på den tida, og på heimreisa viste det seg då me skulle bytta fly i Paris at flyselskapet hadde booka for mange hundar. Då måtte eg og Varg overnatta på Hilton hotell i Paris, fortel ei smilande Kjellaug.
Den meritterte trenaren er etterspurt som kurshaldar, og om knappe to veker skal ho til Frankrike og gi råd til franske hundeførarar.
— Det er kjempespennande, og eg synest det er kjekt å bli spurt. Men eg er ikkje så flink i engelsk, så språket blir nok den største utfordringa her, ler Kjellaug.