I tusen betar

Med ein solid mengde dynamitt, forsvann Tungesvik III-tunnelen på riksveg 48 mellom Skånevik og Etne […]

Med ein solid mengde dynamitt, forsvann Tungesvik III-tunnelen på riksveg 48 mellom Skånevik og Etne med eit brak tysdag kveld, om lag klokka 19.30.

Riksveg 48 har vore stengt sidan måndag grunna sprengingsarbeidet. Skånevikstranda Maskinstasjon er i full gong med arbeidet for å opna vegen att innan 25.september. Om lag 2.000 kubikk skal fjernast etter at tunnelen blei sprengt. Massane skal brukast på fleire prosjekt langs vegen mot Skånevik.

Massane skal brukast på fleire prosjekt langs vegen mot Skånevik. Parallelt med fjerninga av Tungesvik III, blir det nå også gjort siktingstiltak på dei to andre tunnelane på riksvegen. Det blir pigga og reinska ned lause og halvlause massar frå tak og vegger for å sikra Tungesvik I og Tungesvik II-tunnelane betre.

nett_67-09-tunnel etter.jpg