Kongeleg folkefest

Kronprinsessa hadde tatt høgde for eit uberekneleg haustvêr og troppa opp i grøne støvlar for […]

Kronprinsessa hadde tatt høgde for eit uberekneleg haustvêr og troppa opp i grøne støvlar for besøket. Nokre dråpar blei det, utan at kronprinsparet såg ut til å bry seg om det då dei kom til Vats 16.30 i går ettermiddag.
På veg opp til Vindafjordtunet tok dei seg god tid til å snakka med dei oppmøtte, og passa på å få ein god drøs med bebuarane, i både litt regnvêr og blitsregn frå både lokalt, nasjonalt og internasjonalt pressekorps.

I Ølen møtte eit folkehav kronprinsparet med jubelbrus då dei kom til Joa-Kari parken, litt etter tidsskjema.
— 21. januar 2004 kunne kronprinsen kunngjera at han hadde fått ei dotter. 22. januar 2004 kunne han kunngjera at namnet var Ingrid Alexandra. Og 23. januar vedtok kronprinsen i statsråd samanslutninga mellom Ølen og Vindafjord kommune. Me vil seia at kronprinsen hadde ei fin stiging i hendingsgangen den veka, men me har full forståing om kronprinsparet vil prioritera hendingane annleis enn det me har gjort, understreka Bergsvåg for kronprins Haakon opna tusenårsstaden.
Frå Joa-Kari blei gjestene frakta i hesteskyssen til idrettshallen med næringslivsmesse.

Det lokale næringslivet stilte mannsterkt, og kronprinsparet tok seg god tid til å gjera seg kjend med dei fleste. Til og med rundballerulling fekk dei prøva seg på. Ein 350 kilo tung rundballe med tørka høy, blei med kongeleg handmakt trilla seks meter på åtte sekund. 
— Imponerande! Heilt konge faktisk,  meinte bondelagsmedlemene og representantane frå Landbrukstenesta. 
Tidsskjema var sprengt lenge før opplegget i idrettshallen var ferdig, utan at kronprinsparet såg ut til å hefta seg med det.
— Dette har gått veldig bra, men me blei jo noko forsinka. Det var umogleg å få dei vidare, dei ville jo stoppa overalt, sa ein noko stressa, men likevel særs blid ordførarvert Arne Bergsvåg.

Eit breitt næringsliv frå alle kantar av Vindafjord heldt stand, først for kronsprinsparet, og etterpå for ei folkebølgje som kunne forsyna seg av ei fleire meter lang blautkake og hundrevis av liter villsausuppe.
— Det var gyseleg god suppe, og det var kjekt med så mange oppmøtte. Folk har gledd seg mykje til dette. Kronprinsparet var så flotte og folkelege, og dagen kunne ikkje blitt betre, sa Gerd Rullestad frå Ølen og Marit H. Berge frå Ølensvåg mellom suppeslurkane i idrettshallen. 

Anne Marthe Susort frå Skjold var blant dei åtte elevane ved Ølen vidaregåande skule som fekk prøva kunstene sine med kongeleg middag med 208 kuvertar. Kyndig instruert av Finn Ove Solberg ved kokkelinja, og kollegaen Jörg Schaberger frå samarbeidsskulen i Maintz og Klaus Magnus Hanssen frå Tromsø vidaregåande skule.
Susort var i gang med å jamna sausen då Grannar var innom kjøkkenet.
— Det er kjempekjekt å få vera med å laga mat i ein slik samanheng, og maten blir garantert god, seier ho.
Menyen var ytrefilet av villsau, bakte rotgrønsaker, saltbakte poteter og soppsaus. Til dessert var det blåbær med vaniljesaus frå Blåbærgarden på Bjoa.