Nøye blikk på saksa

Jon Edvardsen NM i saueklipping og ullhandtering i Ølen på laurdag vart prega av at […]

Jon Edvardsen

NM i saueklipping og ullhandtering i Ølen på laurdag vart prega av at TV2 med eit skråblikk lagar ein serie der dei utfordrar ein kjendis til å delta i eit noregsmeisterskap. Helene Rask (28) hadde gjennomført eit kurs og klipt 15 sauer før ho kom til Ølen; ein flokk proffklipparane gjer unna på ti minuttar.
Farten var deretter, men likevel eit habilt resultat sjølv om det ikkje berre var sauen som fekk gjennomgå med saksa. Den tidlegare glamourmodellen måtte bandasjere armen etter dysten.

— Det var hardt, det kan eg bekrefte. Men eg bestemte meg for å ikkje gi opp sjølv om eg låg eit stykke bak. Eg ville stå løpet ut på same måte som gutane, sa Rask etter innsatsen.
Og Rogaland sau og geit takka og bukka for at det blir litt blest rundt saueklippinga med ein times program ut på vårparten neste år.

Litt ståhei
Kenneth Eide frå Vikedal vann juniorklassen som Rask deltok i. Det er merittliste på klippefronten, og ikkje alder som avgjer kva klasse klipparane stiller i.
Han merka ikkje så mykje til ståheien rundt konkurrenten.
— Det gjekk greitt, og eg er nøgt med klippinga, seier han.

Eide driv med klipping på gardsbruk innimellom, og håpar han skal arbeide seg oppover i klassane. Sambygdingen Bjørn Magne Hundseid (20) frå Vikedal tok fjerdeplassen blant juniorane.
NM-vinnaren vart Børge Høiland frå Helleland i Rogaland, med Neil Perry som nummer to. Dei to andre i finalen var Rolf Gravdal (Bjerkreim) og Morten Inge Tronstad (Etne) som var beste norske i VM i fjor.
Tronstad måtte ta til takke med fjerdeplassen i finaleheatet. Det gjekk rett og slett litt for seint med klipparen frå Etne denne gongen.

Grimaas til VM

Raskast av alle og med god presisjon, var Hamish Mitchell frå Skotland/Etne som vann den opne internasjonale finalen, med Børge Høiland, Darin Forde (New Zealand) og Rolf Gravdal på plassane etter.
Janine Grimaas frå Vikedal tok NM-tittelen i ullhandtering i finalen mot John Gerhard Håkull frå Skjold. Dermed er begge tatt ut til å representere Noreg i VM i Wales til sommaren.
Ølen sau og geit hadde mange støttespelarar for å ro i land NM der det totalt vart klipt rundt 600 sau. Det var ni dommarar i sving, og Geir Tofte frå Ølen deltok for første gong som dommar.

— Du må konsentrere deg veldig. Jo fortare dei klipper, til vanskelegare er det å få med seg det som skjer. Utøvarane er flinke til å skjule dobbelklipp. Det gav meirsmak å vere med å dømme, fortel Tofte som var på dommarkurs før NM.
Dommarane som vurderer klipparane ser etter at dei ikkje overlappar eller klipper dobbelt, medan andre dommarar vurderer resultatet etterpå: skade eller om det står igjen ull.
Helene Rask har fått invitasjon til å vere med på NM i Ådalsnes i 2010, og har sjølvsagt sagt ja.

cropped

Janine Grimaas frå Vikedal vart noregsmeister i ullhandtering. Dermed er ho klar for VM i Wales neste år.