Nye frieri til Vinmonopolet

Arne Frøkedal Styret i Vinomopolet skal i midten av oktober ta stilling til nye poletableringar. […]

Arne Frøkedal

Styret i Vinomopolet skal i midten av oktober ta stilling til nye poletableringar. Både Vindafjord (Ølen) og Etne er på banen. Det var dei også i fjor, men blei skuffa.
— I 2008 blei det vedtatt å etablera åtte nye pol. Finanskrisa sette ein stoppar for fleire, opplyser pressesjef Jens Nordahl i Vinmonopolet.
Han reknar med at styret denne gong opnar for mellom 10 og 15 nye polutsal.

112 friarar
Innstillinga føreligg nå, og det er mange om beinet. Framleis er det 112 polvennlege kommunar utan slike utsal. Blant desse er Etne, Vindafjord, Suldal og Tysvær.
— Dei som ikkje er kvalifiserte og ikkje får tildelt nå, får nye sjansar. Intensjonen er å etablera 40 til 50 nye utsal i løpet av dei neste tre til fire åra, seier  Jens Nordahl.
Vinmonopolet har fire nøkkelkriterium for tildelingar; kjøpekraft, innbyggjartal, reise til næraste pol og storleik på tettstad/handelssenter.

Ikkje avgjerande
Etne og Vindafjord ligg begge blant fem på topp blant kommunar innan detaljhandel utan pol i sine respektive fylke. Vindafjord på fjerdeplass og Etne på tredje.
Avstandsmessig til næraste pol (Haugesund) ligg både Etne og Ølen godt an, men med mange sterke kandidatar i heile landet, er det også usikkert om det indre Haugalandet får polutsal i denne omgangen.
Vindafjord var på besøk hos Vinmonopolet i slutten av august, medan ein Etne-delegasjon var inne i mai. Pressesjef Nordahl seier at slike møte er vanlege,  og ikkje avgjerande for prioritering og vedtak. Rundt 25 kommunar har gjennomført slike «polferder» i løpet av året.