Skakke på vent

Kari Aakra Planen var at Etne vidaregåande skule kunne flytta inn i nye Skakke-lokale ved […]

Kari Aakra

Planen var at Etne vidaregåande skule kunne flytta inn i nye Skakke-lokale ved juletider 2010, etter byggjestart tidleg denne hausten. Nå blir det truleg ikkje innflyttingsklart før skulestart 2011.
— Ut i frå ei realistiske framdrift kan me ikkje sjå at det blir mogleg med innflytting før skulestart 2011, seier eigedomssjef i Hordaland fylkeskommune Helge Haavardtun.

Styreleiar i Etne Kulturhus BA, Nils Halleland seier vidare det har vore umogleg å ha utarbeida alt detaljarbeid det nå blir jobba med før involverte partar hadde gjort dei naudsynte vedtaka. Ei av utfordringane nå blir å sikra garantiforholda rundt gjenkjøpsavtalen med fylket, som nå er vidareført til Etne Kulturhus BA.
— Arbeidet går diverre ikkje så raskt som me hadde håpa og trudd. Her er det snakk om tre byggherrar og eit svært stort avtaleverk som må på plass, seier han.

Gjeldsrisiko
Etter at Hordaland fylkeskommune vedtok å kjøpa sin del av Skakkesenteret til den vidaregåande skulen i staden for å leiga, forplikta Etne kommune seg til ein gjenkjøpsavtale, der kommunen måtte kjøpa tilbake fylket sin del etter seks år dersom fylkeskommunen ønska dette. Etter at kommunestyre i Etne i juli gav klarsignal til Skakkesenteret, blei også ansvaret for gjenkjøpsavtalen mellom Fylkeskommunen og Etne kommune vidareført til Kulturhuset BA. BA-et kan då eventuelt sitja med ein ekstra gjeldsforpliktelse opptil nærare 25 millionar om fylkeskommunen vil iverksetja avtalen etter seks år. Utfordringa nå ligg i å sikra garantiforholda og finansieringa i forhold til gjenkjøpsavtalen.
— Dersom ei slik gjeldsbyrde skulle komma, må me ha sikkerhet for å kunna driva vidare. Me har orientert fylkeskommunen om dette kontraktsforholdet, og fortalt at me må løysa dette i forhold til garantiansvar, seier Halleland.

Næringslivsstøtte
Halleland fortel at det blir jobba hardt mot bank og næringsliv etter ulike modellar for korleis bedrifter og bankar kan bidra til å løysa dette.
— Me håpar bankane kan strekkja seg og at større aktørar i næringslivet vil vera med å bidra på garantisida. Me vil ikkje på dette tidspunktet be om garantiar eller avtaleendringar som vil krevja nye  vedtak hjå verken kommune eller fylkeskommune, då dette vil dra ut i tid, og vera uheldig med tanke på prisauke, seier Halleland.
Dersom næringsliv og bankar ikkje strekk til slik det nå blir jobba for, kan ei løysing vera å kombinera garantiansvaret med offentlege justeringar.
— Løysingane kan vera mange. Alt i frå at fylket justerer avtaler til at Etne kommune går inn med mindre eller større garantiar, seier Halleland.

Uvisst spadestikk
I byrjinga av oktober håpar han å ha dei naudsynte avklaringane i forhold til garantiar i boks.
— Då vil me veta om me har klart å løysa dette med bankar og næringsliv, eller om det trengst ny politisk behandling.
Då vil også oppstartstidspunkt for byggjestart vera klart.
Han trur spadestikket vil komma før jul, men seier det kan vippa over til 2010 dersom det vil bli behov for ny politisk behandling hjå fylke eller kommune.
Etter endringar i eigarskapsforholda i vår, klarte Skakkeprosjektet å oppfyla krava til dei 8,5 millionane i spelemidlar. Men også denne potten har ei uviss side.
— Kva tid spelemidlane faktisk kjem er enno usikkert. Det normale har vore 3-5 år, men det har opparbeidd seg eit etterslep hjå sentrale styresmakter, og prosjekt andre stader i landet har måtte venta enno lengre før dei har fått utbetaling, seier Halleland.
Han påpeikar at dette ikkje har noko påverknad for oppstart av Skakke-bygging.