Tap etter godt spel

Skjoldar/vats-gutane spelte godt mot Sveio på fredag. Laget hadde nok sjansar, men utanom Bjarte Røstveit […]

Skjoldar/vats-gutane spelte godt mot Sveio på fredag. Laget hadde nok sjansar, men utanom Bjarte Røstveit si scoring like før pause, fekk ikkje vindafjordingane ballane i mål.  

— Me var nok det beste laget under kampen, og spela godt. Særleg første omgangen gjorde me det bra, men problemet er at me ikkje har målscorarar. Sjansane var der, seier trenar Frank Abelseth.

Kampfakta

5.div herrer
Sveio – Skjoldar/Vats 94  3-1 (1-1)
Sveio stadion, fredag

15. min. 1-0 Sveio
40. min. 1-1 Bjarte Rørtveit
65. min. 2-1 Sveio
80.min.  3-1 Sveio