To influensa stadfesta

Jon EdvardsenDet er tatt relativt få laboratorietestar av pasientar med mistanke om svineinfluensa i Vindafjord […]

Jon Edvardsen

Det er tatt relativt få laboratorietestar av pasientar med mistanke om svineinfluensa i Vindafjord sidan det berre er risikogrupper som blir prioriterte. Det vil seie utsette grupper med andre sjukdommar i tillegg.
— Vi har to positive prøvar Vindafjord, og på landsbasis viser det seg at 90-95 prosent av prøvane er negativ. Vi har ikkje hatt nokon alvorleg sjuke med diagnose svineinfluensa, seier fungerande kommunelege og smittevernlege i Vindafjord, Michael Schou.
Ingen prøvar i Etne er positive, og kommunelege Bengt Kallevik opplyser at dei ikkje har brukt diagnosen svineinfluensa, men influensaliknande symptom. Berre ei handfull har fått merkelappen influensa.
Vindafjord har derimot brukt diagnosen influensa og har dermed hatt ein anna praksis når det gjeld sjukmeldingar.

Gav diagnosen
Kommunelegane har jamleg telefonmøte med Helsetilsynet på fylkesnivå, og Schou meiner talet på diagnosar relativt sett ikkje er annleis i Vindafjord enn i andre kommunar i Rogaland.
Dei aller fleste tilfella av svineinfluensa er diagnosar og ikkje stadfesta tilfelle. Det er pasientar som er sjukmelde av lege og pålagt å vere heime dei obligatoriske sju dagane for å bryte smittekjeda.
— Det går mykje virus med influensaliknande symptom, og ein del av dei har fått diagnose svineinfluensa ut frå kjenneteikn. Men symptoma for svineinfluensa varierer frå person til person, og det er ingen sikker diagnose når det ikkje blir tatt prøver, seier smittevernlegen.
Tidlegare var feber eitt av kriteria, men no viser det seg at det ikkje stemmer for alle som har fått påvist svineinfluensa. Han minner om at risikogrupper med influensasymptom uansett må ta kontakt med lege.

Har roa seg
Schou opplyser at etter ein stigande frekvens av sjuke pasientar den føregåande månaden, er talet på pasientar med influensaliknande symptom gått ned den siste veka.
— Det stemmer med erfaringane nasjonalt at det er færre sjuke enn venta. Pandemitoppen var tidlegare venta i september, no kjem den kanskje ikkje før i den vanlege influensasesongen. Men at den kjem er eg ikkje i tvil om, seier han.
Kommunelegen i Etne rapporterer om at talet på pasientar med influensaliknande symptom har gått nedover i det siste.
— Det ser ut til at vi får ein pause og truleg ei oppblussing seinare. Det kan vere vi unngår ein epidemi på grunn av vaksinasjon og at det er stort fokus på smitte. Men det veit vi ikkje i dag, seier Kallevik.

To influensa
Dersom toppen kjem når den ordinære influensaen herjar, kan ein risikere å bli sjuk to gonger sidan dei ikkje gir immunitet mot kvarandre.
Uheldige kan dermed få to periodar under dyna i vinter med influensa.
Vindafjord har i første omgang bestilt 2.000 dosar med vaksine mot svineinfluensa. Etne reknar med å få rundt 800 i første omgang; like mange som forbruket av vanleg influensavaksine pleier å vere.
Vaksinen er forseinka til Noreg og kjem først i månadsskiftet oktober/november.
Dei første som får vaksinen er risikogrupper mellom 3-65 år. Aldersgruppa 16-22 år blir sett på som spesielt utsett.
— Det er sagt tidlegare at det skal bli vaksine nok til alle. Det gjenstår å sjå korleis dette blir, seier Bengt Kallevik.
Folkehelsa har gjort dei første prioriteringane av kven som skal få vaksina først.