Ein trailer spora av E134 like utanfor Ølen måndag ettermiddag. Sjåføren har truleg mista kontroll over vogntoget, og hamna utpå jordet då det ikkje er autovern i dette området.
Politiet har ikkje fått melding om uhellet, så det er ikkje snakk om anna enn materielle skader.
Det er uvisst kva som forsårsaka denne hendinga.