Fengsel for høg promille

Haugaland tingrett har dømt ein mann i 20-årsalderen frå distriktet til fengsel i 22 dagar, […]

Haugaland tingrett har dømt ein mann i 20-årsalderen frå distriktet til fengsel i 22 dagar, samt ei bot på 15.000 kroner, subsidiært 15 dagar i fengsel. På toppen av dette kjem tap av førarkort i to år.

Dommen er i tråd med siktinga frå politiet, som skriv seg frå ei hending på ein festival i sommar. Mannen blei tatt for å ha køyrt etter å ha drukke alkohol. Blodprøven viste heile1,88 i promille.

Sikta har lagt alle korta på bordet og tilstod ugjeringa i retten som avgjorde saka ved tilståingsdom. Retten har i si vurdering lagt stor vekt på påverkingsgraden av alkohol. I skjerpa retning kjem også at køyringa skjedde på eit område med mykje folk tilstades.

Formildande er at vedkomande erkjente straffskuld og godtok ein tilståingsdom. Domfelte erklærte at han vedtok dommen.