På grunn av sjukdom må Finn Kalvik avlysa konserten på House of Blues i Skånevik i morgon.
— Me jobbar med å finna reserve, men det er ikkje så lett å hosta opp nokre erstattarar til ein slik konsert på så kort tid, seier Alf Warloe Christophersen ved House og Blues.
Christophersen seier han førebels er uviss på om det blir noko liknande arrangement i morgon fredag.