Hanne Krogh feira Knapphus

Det var nærast 17.mai-stemning på Knapphus på laurdag då butikksenteret feira nyopning. Hanne Krogh og […]

Det var nærast 17.mai-stemning på Knapphus på laurdag då butikksenteret feira nyopning.

Hanne Krogh og hennar populære koristar frå «Det store korslaget» stod for underhaldningshøgdepunktet. Vats si eiga kordotter Siri  Bakke fekk ikkje gå ubemerka hen.

— Når me kjem til Vats og ein av jentene våre er her i frå, skulle det då berre mangla om ho ikkje skulle får syngja ekstra for dykk. Det tok lang tid å overtala ho, men det gjekk til slutt, sa Krogh, før Bakke tok til mikrofonen.
Bakke forførde publikum med Tir n´a Noir, saman med Christoffer Utvik, og gav dermed Knapphus og mange av sine eigne sambygdingar ei lita verdspremiere, då songen aldri før er framført av Haugalandskoret frå TV2.

cropped

— Heilt fantastisk! Butikksjefane Kari Rødde (f.v.), Anne Lise Sjurseike og Anita Frøland hadde var travle, men svært stolte  då dørene opna nye Knapphus laurdag.

Kry butikkdamer

— Folk har venta på dette. Me har fått enormt med telefonar om opninga den siste tida, og det ha vore veldig spanande. Det er eit løft for Knapphus med eit nytt senter i bygda. Eg trur gjerne Vats trengte det, meiner butikksjef ved Knapphus Bensinstasjon, Kari Rødde.
Saman med butikksjef på Coop, Anita Frøland og dageg leiar ved Knapphus Bensin og Storkiosk var det tre stolte butikk-vertinner som hausta skryt og gratulasjonar frå folkehavet heile laurdagen.