Det er ikkje enkelt

Det blir ikkje greitt frametter korleis dette med prostitusjon skal tolkast, og kven som må […]

Det blir ikkje greitt frametter korleis dette med prostitusjon skal tolkast, og kven som må ut med staten sin andel dersom ein blir tatt.
Dette kan slå begge vegar, og det er ikkje greitt verken å være passiv eller aktiv i slike saker. Men kva med dei som er lik «gauken» og legg egg i andre sine reir, her vil den utøvande makt få seg et problem med tolkinga, og ikkje minst ved same kjønn.
Kven er den skuldige part og kven er årsaka til det heile.
Slik er det ikkje med desse ballane, eller dei som spring etter ballen og skyt mot mål.
Her er kjøpefesten formidabel, og her er det snakk om lovlige millionbeløp for kjøp og salg av personar, men her er det snakk om et anna kjønn.
Desse speleautomatane blei fjerna grunna spelegalskap. Så her må ein kunne ha tolkingar rundt det heile.
Så har me desse fattige som bur i slumstrøka rundt om i desse ulanda som sel sine og andre sine kroppsdelar til dei rike I land sine borgarar, kva med dei.
Dette er akseptert men som regel er det snakk om donasjon og ikkje snakk om kroner og øre.
Ja, ja, dette var nokre tankar kring noko eg trur er i tankane ti <![CDATA[Hatteland-skjermar til gigantskip]]> http://www.grannar.no/ 2009-10-28 16:28:00.0

Kari Aakra Det gigantiske cruiseskipet «Oasis of the Seas»  legg snart ut på tur frå Finland mot heimehamna i Florida. Hatteland Display har gjennom Kongsberg og Sperry Marine levert skjermar til brusystema og autmasjonssystemet til både monsterskipet «Oasis of the Seas» og søsterskipet «Allure of the Seas» som vil stå ferdig om eitt års tid. Trass leveransar til storprosjekt tidlegare, er dette absolutt ei fjør i hatten, seier salssjef Lars Skjelbred-Eriksen i Hatteland Display.
— Me leverer til mange aktørar, men slike prosjekter er ikkje kvardagskost for oss, fortel Skjelbred-Eriksen.

Det nyaste
«Oasis of the Seas» har ein prislapp på 9 milliardar kroner og skal segla for Royal Caribian. Giganten er 360 meter lang, og 71 meter høgt. Til samanlikning er Oslo Rådhus 66 meter høgt, og lengda på skipet tilsvarar to og ein halv av Hurtigruta M/S Finnmarken.  Cruiseskipet har ein passasjerkapasitet på 5.400 gjester, og eitt mannskap på 2.165 personar.
Hatteland Display har levert sine største typegodkjente skjermar til Kongsberg og Sperry som igjen leverer heile system til skipet. Det er siste nyhet frå Vats som snart tek turen i rekordskipet over Atlanteren.
— Til begge skipa har me levert mange av våre 27 tommars-skjermar, som er det siste nye frå oss. Det er vanskeleg å anslå nøyaktig kor mange som faktisk er leverte til skipa, men det er nok nærare 100 av våre 27-tommars skjermar om bord, seier Skjelbred-Eriksen.
Og med det mest moderne av utstyr frå Hatteland, trengst det også fagkunnskap frå Vats.  Då det var behov for assistanse på produkta blei tilsette i Vats sende eins ærend til verftet i Finland for å bistå med  Hatteland-ekspertise.
— Å levera produkta våre til så store prosjekt er ikkje standar, så me har bistått med litt ekstra service frå Vats under arbeidet, seier Skjelbred-Eriksen. 

Prestisje
Hatteland leverer til mange og store aktørar, men skip av denne storleiken er likevel eit viktig steg for å befesta seg som leverandørar til prosjekt av denne storleiken. 
— Dette er eit prestisjeprosjekt og ikkje daglegdags for oss. Med «Oasis of the Seas» og «Allure of the Seas» trur me at Hatteland Display har befestet sin posisjon i marknaden for denne typen storprosjekt, seier Skjelbred-Eriksen.
Det 16 etasjars store cruiseskipet legg ut på sitt første ordinære cruise med passasjerar 5.desember, og vil segla på vekelange cruise både på den austlege og vestlege Karibien.