Jubel i siste heimekamp

— Me kom vel fram til at eg har skåra 19 mål før denne kampen, […]

— Me kom vel fram til at eg har skåra 19 mål før denne kampen, og med dei tre eg skåra i dag, så er eg oppe i 22 mål til nå. Dei fleste har faktisk kome nå i haust, og det har Magne Skålnes ein stor del av æra for, konkluderar Espen Vaka.

I laurdagens kamp mot Rubb/Bremnes 2 kunne han gitt Ølen leiinga etter ein halvtime spel, då han kom åleine med keeper. Til tross for at publikum og medspelarar ropte at Vaka skulle skyte, prøvde han heller å runde keeperen, og det vart i staden dødball.

Sjølv om Rubb/Bremnes 2 hadde leiinga til pause, var det Ølen som styrte kampen mesteparten av tida.  Det gjekk lenger og lenger tid mellom bortelaget sine sjansar, medan heimelaget pressa oftare. Ølen fekk to straffar i løpet av eit kvarter, der Espen Vaka sette den første straffa sikkert i mål, medan han bomma på den siste og mest omdiskuterte. Dei siste ti minuttane viste Ølen kven som var sjef på bana. Den berømte «ketchupeffekta» sørgja for totalt seks mål, fem av dei til Ølen, i løpet av sju minutt. Espen Vaka fekk æra av å skåre Ølen sitt siste heimemål for sesongen.

Både han og Magne Skålnes var svært nøgde med kampen, og lova samtidig at dei vil vere med vidare.
Ølen er ikkje lenger med i opprykkskampen, men om alle brikkene fell på plass, kan det bli sånn at naborival og opprykkskandidat Etne treng hjelp frå Ølen om dei skal spele i 4. divisjon til neste år.
— Kva synest de om å kanskje hjelpe Etne opp?
— Me går for uavgjort der, kjem det spontant frå Espen Vaka, som etterpå presiserer at Ølen kjem til å gi jernet uansett.
— Det hadde vore kjekkare å hatt Etne i same divisjon, slik at me får fleire lokaloppgjer, men me skal uansett gjere vårt beste, avsluttar Espen Vaka.

Kampfakta

Ølen – Rubb/Bremnes 2    7-3 (1-2)
Ølen stadion, laurdag.
5. divisjon herrar.
34. min. 0 – 1 Rubb/Bremnes 2    
41. min. 1 – 1 Espen Vaka            
44. min. 1 – 2 Rubb/Bremnes 2     
59. min. 2 – 2 Espen Vaka (str.)
80. min. 3 – 2 Espen Skålnes
84. min. 4 – 2 Tore Christiansen
85. min. 5 – 2 Kristian Heggebø
87. min. 5 – 3 Rubb/Bremnes 2    
88. min. 6 – 3 Roger Vaka
89. min. 7 – 3 Espen Vaka

Gult kort: Roger Vaka, Ølen. 2 gule kort til Rubb/Bremnes 2.

Dommar: Åge Eide

Tilskodarar: rundt 50

Skudesnes – Skjoldar /Vats 94 2-1 (2-1)
5.div herrar
10. min. 0-1 Mats Isaksen, Skjoldar/Vats 94
30. min. 1-1 Skudesnes
35. min. 2-1 Skudesnes
Gult kort: Ingen
Tilskodarar: ca. 40

Kolnes -Etne 1-4 (1-2)
Kolnes kunstgras
5. div, herrar
15. min 0-1 Kenneth Krokå
35.min. 1-1 Kolnes
43. min 1-2 Kenneth Krokå
60.min. 1-3 Sindre Tjelmeland
73.min. 1-4 Bjørn Kjellesvik
Gult kort: Johannes Eide, Simen Adolfsen, Etne, 1 gult kort til Kolnes.
Raudt kort: Bjørnar Grindheim, Etne, 75.min.
Dommar: Morten Johannesen, Flekkefjord
Tilskodarar: ca 15