Kjørte i fjellveggen

Torsdag morgon kl. 07.40 fekk politiet melding om at ein personbil hadde kjørt i fjellveggen […]

Torsdag morgon kl. 07.40 fekk politiet melding om at ein personbil hadde kjørt i fjellveggen mellom Sandeid og Vikedal.

Den 18 år gamle føraren av bilen mista kontrollen over kjøretøyet då han skulle leggja seg ut i vegkanten for ein møtande bil, og hamna til slutt i fjellveggen.

18-åringen slapp frå hendinga med lettare skader, og blei frakta til legevakt etter samanstøyten med fjellveggen.

Ingen andre bilar var involvert i ulukka.