Solistane og korleiar Hanne Krogh frå «Det store korslaget» på TV2, levna lita tvil om at sigeren i korslaget var vel fortent. Stemninga i kinosalen på Etne kulturhus var til å ta og føla på frå første strofe, med den slagkraftige opninga «O Forutna»
— Nå som me har vedteke i plenum at Etne er ein del av Haugalandet, må eg berre få seia kor godt det er å koma «heim». Og på denne scena har eg berre sunge julesongar før, så dette blir veldig gøy. Nå skal eg «råkka dåkårr», opna Krogh i topphumør.
Deretter gjekk det slag i slag, med alt frå kor-rock, til solist-ballader med mjuke kortonar i bakgrunnen. Varierte songar, som både «We will rock you» og «Gabreilas song» fall i god jord, og hausta jubel frå salen.
Kinosalen var fyllt til randa under konserten, og interessa hadde vore stor nok til ekstraførestillingar.
— Då fristen for å setja opp ekstraførestillingar gjekk ut var det enno femti plasser att, men eg trur nok me kunne seld 200 til, seier Geir Davidsen ved Etne Kulturhus.