Landemerke i knas

Grunnna restaurering ved møbelforretningen i Ølen, blei den eine stolen tatt ned frå taket. Stolen […]

Grunnna restaurering ved møbelforretningen i Ølen, blei den eine stolen tatt ned frå taket. Stolen sto ved sida av eit rekkverk, men fekk ikkje stå i fred i helga. Nokon har tippa han over kanten mot Eioelva, og han blei fullstendig knust. Meininga var at stolen skulle plasserast på bakken nærare inngangen, og vera til gleda for born.

— Det ville jo vore stas for mange små å få klatra på den store stolen, men nå får den eine gjenverande stolen bli verande på taket, seier Bjørn Henriksen ved Ølen møbel.

«Alle» veit kor butikken er når dei høyrer om «stolane på taket», fortel Henriksen. Nå håpar han stol nr. 2 får stå i fred på taket, og at møbelbutikken framleis kan bevara eitt høgtståande landemerke.

— Tidelgare har det  forsvunne både planter og potter og anna spm har stått laust utanfor. Men alt har kunna erstattast tidlegare. Denne stolen har stått her sidan 1982 og veg 200 kilo, seier Henriksen.