Mamma mia, så kjekt!

Ekstraframsyningane i helga gjekk for fulle hus og stormande jubel. Handlinga er flytta frå greske […]

Ekstraframsyningane i helga gjekk for fulle hus og stormande jubel. Handlinga er flytta frå greske øyar i originalversjonen, til Utsira i Vats-versjonen.

Mest nøgd av alle var nok Jarle Nilsen etter framsyninga; Som ordførar på Utsira fekk han med seg Abba-suksessen frå første rekkje, og meinte heimkommunen egna seg ypparleg som musikalbakgrunn. Han meinte det var litt av ei æra å få Utsira på musikal-kartet i Vindafjord.

— I løpet av mi tid som ordførar trur eg dette er noko av det kjekkaste eg har vore med på, skryt Nilsen etter at siste ekstraframsyning var vel overstått på laurdag.  

Og Utsira har vist seg meir enn eksotisk nok til at stykket lokka til stinn brakke under kvar framsyning. Det forundra ikkje ordføraren.
— Utsira er nesten like eksotisk som greske øyer. Nå får eg berre håpa musikalen lokkar ein del vindafjordingar til øya vår, ler Nilsen.

Les meir i torsdagsutgåva av Grannar