Mistanke om ulovleg jakt

I natt melde politiet at dei hadde sjekka ein parkert bil ved riksveg 47 i […]

I natt melde politiet at dei hadde sjekka ein parkert bil ved riksveg 47 i Skipavåg klokka 01.40.  I bilen sat ein mann og sov. Han hadde gevær med nattkikkert, lyddempar og skarp ammunisjon.

Politiet beslagla våpen og ammunisjon, og den 36 år gamle mannen frå sør-Rogaland vil bli anmeldt for overskriding av våpenlova. Saka blir vidare fulgt opp av Vindafjord lensmannskontor.