Her har du Magne Hatteland frå Ølen, iført sin eigen designa heildress med merkenamnet Helt. I løpet av kort tid opplever han stor respons for sin pastellfarga kolleksjon retta mot ei ungdomleg, avslappande og feststemt kundegruppe.
— Interessa er svært god. Det ser ut som eg har treft noko i marknaden, seier 23-åringen, som nyleg avslutta studiet med ein bachelorgrad i internasjonal marknadsføring ved Handelshøgskolen BI i Bergen.
Gode råd
Unge Hatteland karakteriserer seg som ein person som likar nye ting, utfordringar, og lange turar på stranda i solnedgangen. Gründerskapen er truleg medfødt, og han har lenge kjent lysta til å skapa noko sjølv, og å kunne tilsetja mange medarbeidarar.
— Nå er eg i allfall gang, og er inne på noko eg trur eg kan utvikla vidare, seier 23-åringe til Grannar på telefon frå Europa der han har vore på rundreise for å testa ut nye marknader.
Familiært har den unge ølensbuen mykje å leva opp til, samstundes som han fått fin støtte og gode råd av onkel Jakob Hatteland, kjent IT-gründer i Vats, og faren, Henning Hatteland, som er dagleg leiar i Hattelco og sentral i Hatteland-systemet i Nedre Vats.
— Korleis starta dette?
After ski
— Under det eitt år lange opphaldet i Kina som ein del av studiespesialiseringa, oppdaga me kor lett det var å få produsert ting slik du sjølv ynskje det. Det enda med at eg fekk laga ein heildress som eg eksperimenterte vidare, fortel Magne Hatteland.
Han var nettopp blitt onkel til sjarmerande Tone og måtte heim i jula. Og med seg i kofferten hadde studenten ti ulike designlaga heildressar.
Under opphaldet heime tok 23-åringen og eit par kompisar med kolleksjonen, og fekk testa den ut i afterski-miljøet på eit par alpinanlegg.
Responsen let ikkje venta på seg, og han ser nå at det er mogeleg å leva av det hippe konfeksjonskonseptet.
Nettbutikk
— Det viste seg at dei blei kjempepopulære, seier motegründeren.
Gjennom Sparebank1 SR-Bank heime i Ølen, skaffa han seg finansiering. Han etablerte enkeltmannsselskapet og gjekk i gang med å bestilla produksjon i Kina. Planen var å selja via ein nettbutikk, og bruka ulike verktøy på nettet (som facebook, twitter, o.a.) til marknadsføring.
Poenget er at kleda skal vera kjempekomfortable, og at dette skal opplevast som løn å hoppa i ein Helt-dress, seier han.
Hatteland poengterer at det ikkje er han som har oppfunne desse heildressane, men han har lagt prisen slik at han er godt konkurransedyktig.
— Etter ein månad nå i haust, har eg selt svært godt, og har liggjande mange bestillingar. Eg satsar på å selja 5.000 dressar framover, og reknar med å få nye produkt over nyttår, som t-skjorter, tøflar, joggebukse og luer. Starten har iallfall vore svært lovande, og så bra at eg kan leva av dette, seier han.