Nytt liv utan rullestol og krykkjer

Liv Astrid H. Hesjedal Med heile 27 sjukehusbesøk på eitt år hadde 64-åringen slått seg […]

Liv Astrid H. Hesjedal

Med heile 27 sjukehusbesøk på eitt år hadde 64-åringen slått seg til ro med eit liv full av lidingar og plagar. I dag er ho jublande glad, og takksam for det som har hendt.
—Tenk at eg nå kan gå rundt med begge hender fri. Eg kan bera ting, eg kan reisa meg utan problem, og eg har ein smertefri kvardag. Mor mi byrja å grine då ho fekk sjå det utrulege som hadde hendt med meg, og resten av familien var jublande glade på mine vegner og meinte dette var fortent, fortel Reidun Mariann Grønfur til Grannar.

Heilt uventa
Det var under ei kvinnesamling på Brandøy at det utrulege fann stad. Reidun Mariann, som har vore flittig på slike samlingar, var svært nøgd etter ei flott helg med mange interessante tema og kjekke folk. Mot slutten av samlinga var det brått ei som reiste seg og sa at ho hadde fått så sterke signal om at ho måtte be for Reidun Mariann. Fleire andre ville det same.
— Brått kom det fire eller fem damer rundt meg i ein ring, heilt ukjente folk, ei av dei hadde varme hender. Dei bad for meg i Jesu namn, og medan dette fann stad vart foten min endra. Fyrst prikka det varsamt i den, så vart foten gloheit, og etter det iskald, minnest Reidun Mariann.
Utan at noko anna hendte, gjekk heile samlinga til middag, og det var då den mirakuløse vart oppdaga.

Gløymde krykkjene
— Eg tok ned på foten min med handa. Tidlegare har eg ikkje hatt noko kjensle frå kneet og ned, men nå kunne eg heilt klart kjenne handa mi der. Eg fortalde dette til dei eg sat med, og dei henta straks ein av leiarane på stemnet for at ho skulle få høyre om det eg hadde oppdaga, held Reidun Mariann fram.
Leiaren spurte om ho var villig til å dele opplevinga med resten av kvinnene på stemnet, og Skånevik-kvinna reiste seg straks og gjekk fram for å fortelje. Nå var foten så bra at ho faktisk gløymte å ta med krykkjene som ho i nesten eit tiår hadde vore heilt avhengig av.
Dette er nå tre veker sidan, og foten hennar er like fin utan teikn til problem. Det har heller ikkje vore vanskar med musklar som ikkje har vore i bruk på så lenge, slik ein kanskje skulle tru, og dette meiner ho er eit klart bevis på at det Herren gjer, det gjer han heilt fullstendig.

Gav opp butikken
Det var i januar 2001 at Reidun Mariann fekk ein blodpropp i den eine foten som førte til ei rørslehemming frå kneet og ned. Sidan det har ho vore inn å ut av sjukehuset ofte, og ho har til tider vore sterkt plaga av smerter.
64-åringen har drive butikk i Skånevik ei årrekkje, men måtte gi seg med det etter at ho vart sjuk. Det vart alt for vanskelig og krevjande å komme seg rundt i butikken med krykkjer, og ho måtte legge seg ned for å kvile i løpet av dagen. Å stengje familiebutikken var svært tungt sidan dei berre mangla nokre år til hundreårsjubileumet, men med så dårleg helse kunne ho ikkje halde fram.
Også innan Røde Kors hjelpekorps har Reidun Mariann vore aktiv, men med krykkjer var det ikkje lett å komme seg til fjells for å vera med på leiteaksjonar.
— Eg syntest det var svært vondt og vanskelig når eg ikkje kunne vera med til fjells lenger, og smertene var til tider heilt uuthaldelige. Det var slik at eg ein gong bad legane om å fjerne foten for å sleppe meir smerter, men nå forstår eg jo at det var ei meining med det at eg har den framleis, seier Reidun Mariann.

Styrka i trua
Etter den utrulege helbredelsen har ho fått mange lykkeønskingar og mange klemmar frå folk, og ho har også tatt turen til legen for å vise kva som har hendt. Legen var svært så positiv og slo berre fast at det er meir mellom himmel og jord enn det me er klar over. 
— Mi tru på Gud og Jesus er svært styrka, eg er rett å slett jublande glad for kvar dag eg får utan smerter og krykkjer. Eg hadde på ein måte funne meg i lagnaden min, og ikkje på nokon måte spurt om å bli frisk på denne måten, så dette kom heilt uventa.
Nå nyt eg det å kunne bera ting med meg og å kunne gå som alle andre utan smerter og spasmar, og om det ikkje varer evig, så er eg svært takksam for alle dei dagane eg får utan krykkjer, seier den nå svært så oppegåande Reidun Mariann Grønfur.