Nytt vertskap på Senterkafeen

Senterkafeen i Ølen har vore stengt sidan midten av september.  Nå skal Catering Partner ved […]

Senterkafeen i Ølen har vore stengt sidan midten av september.  Nå skal Catering Partner ved Westcon overta kafedrifta, og opnar att snarast mogleg.
— Me skal gjera nokre mindre byggjemessige endringar, og det kan gjerne ta nokre veker, men me håpar på å opna kafedørene så snart som mogleg, seier dagleg leiar ved Catering Partner, Tom-Jøran Johnsen.

Avtalen om å overta drifta kom i hamn i førre veke etter kjappe forhandlingar. Tidlegare kafèvert Paul Klungland er svært letta over at nokon ønskte driva vidare. Han starta kafèdrifta i desember 2006, men bestemte seg for å gje seg i vår.
— Eg er veldig gla for at nokon ser behovet for ein senterkafè i Ølen. Det har vore fleire interessentar til å overta, men det har aldri blitt noko av før Catering Partner nyleg kom inn i bilete, seier Klungland.