Oppdrettarane går saman om villaksen

— Me kan bidra med kunnskap og økonomi  til å styrka villaksstammene så godt som […]

— Me kan bidra med kunnskap og økonomi  til å styrka villaksstammene så godt som mogleg, seier leiar for Hardangerfjordlauget, Håkon Tombre i ei pressemelding.

Hardangerfjordlauget blei  etablert 2.oktober, og er ei formalisering av oppdrettarar si satsing på å bidra til å styrka vassdraga tilknytt Hardangerfjorden. Villaksbeastandane har gått sterkt ned i vassdraga dei siste åra. Rømt oppdrettslaks og lakselus får skulda frå elve- og fiskeinteresser.

Alle oppdrettarar i Hardangerfjorden skal bidra med ein årleg sum per konsesjon, og har utarbeidd eit forslag til ein femårsplan med tiltak for styrking av vassdraga og villaksstammene.

I kveld inviterer Etne elveeigarlag til stormøte der representantar frå Fiskeri- og kystdepartementet, Fylkesmannen i Hordaland og forskarar frå Unifob Miljøforsking i Bergen skal halda innlegg om situasjonen for villaksen i Hardangerfjorden.

Les meir i torsdagsutgåva av Grannar