Over helga blir det ny omgang med vaksine mot den årlege influensaen. I månadsskiftet oktober/november blir det ny vaksinasjonsrunde, då både mot årleg influensa og svineinfluensa (H1N1-viruset). Kallevik meiner utsette grupper bør vaksinera seg, og ser ingen grunn til vaksineskepsis.
— Det er alltid ein vaksinefrykt ute og går, men det er ingen forskjell på verken kvalitet eller risiko mellom dei to. Det er likevel ein viss skilnad; medan vaksinen mot den årlege influensaen er sett saman mot virustypar ein trur vil koma, er H1N1-vaksinen retta mot ein bestemt sjukdom og har difor ein sikrare verknad, presiserer Kallevik.
Aldersbestemt
Risikogruppene for dei to influensane varierer noko. Felles utsett gruppe for begge virus inkluderer vaksne og born med nedsett forsvar mot infeksjonar, diabetes type 1 eller 2, kroniske luftvegs- og hjarte/karsjukdomar, kronisk nyre- eller leversvikt, nevrologisk sjukdom eller skade, og personar med svært alvorleg fedme.
Risikogruppa inkluderer også alle personar over 65 år. Når det kjem til svineinfluensa er risikogruppa noko annleis; mellom anna bør alle gravide i 2 og 3 trimester ta H1N1-vaksinen, medan det ikkje er naudsynt for personar over 65 år å vaksinera seg.
Dei andre risikogruppene er felles for dei to influensatypane
— Det har vore mange tilfelle av svineinfluensa blant gravide, unge, og friske menneske, medan det har vore få tilfelle blant gruppa 65 år pluss. Årsaka er truleg at mange eldre har vore borti liknande virus tidlegare, og difor har blitt immune, seier kommunelegen.
Ta høgde for arbeidslivet
Det er sett spørsmålsteikn ved vaksinen, men Kallevik meiner ein bør lytta til ekspertisen i høve H1N1-viruset, og ta førehandsreglar.
— Eg håpar fleire vil vaksinera seg, men det er usikkert kor mange som faktisk gjer det. Eg oppmodar likevel folk til å ta førehandsreglar. Først og fremst ved tanke på sjukdomen, men også for å ta høgde for følgjene i arbeidslivet. Svineinfluensa kan vera mild, men problemet er at mange kan bli sjuke. Og dersom det ender om med at 20-30 prosent av arbeidsstokken blir sjuke, vil det ha store konsekvensar for samfunnslivet , seier Kallevik.
Det har vore nokre fleire tilfelle av svineinfluensa i Etne, men så langt ingen alvorlege.