Plantar stort i Afrika

  Kari Aakra Saman med tre norske maskin- og skogsdriftsverksemder har han skipa selskapet Mada […]

Kari Aakra

Saman med tre norske maskin- og skogsdriftsverksemder har han skipa selskapet Mada Woodlands, som i tillegg til skogsdrift arbeider med samfunnsutvikling i Sofia-regionen på den afrikanske øya.

— Nå står plantesesongen for døra, og me startar opp med 1,6 millionar planter på 10.000 målmen me har kjøpt eigedommar på til saman 40.000 hektar, fortel Hustveit til Grannar på veg til gassisk skogbruksverksemd.

Os Skog og Anlegg, Røssevold og Hansen Holding, og Sauda Maskinering, er hovudaksjonærane i Mada Woodlands (MWL), og har i overkant av eitt år tid gjort store investeringar og kartlagt behov og moglegheiter for skogreising i den sørlegaste delen av Sofia-regionen.

Skogbrukarane frå Noreg freistar å reisa skog på område på til saman 400 kvadratkilometer, noko som tilsvarar meir enn Stord og Bømlo kommunar samanlagt, eller om lag 2/3 av Vindafjord kommune. Og det er ny og spanande skogsdrift for Hustveit, som heime i Imsland dyrkar juletre på «skarve» 120 mål.

Ideen kom frå Øystein Røssevold Hansen, som i samband med eit anna prosjekt på øya, kom på tanken om skogreising i landet der om lag 80 prosent av landområdet er avskoga.
— Eg såg eit stort behov for plantedyrking i området, og såg etterkvart at det ville vera forretning i dette, fortel Hansen på telefon frå Madagaskar.

Etter kvart kom gründerane i kontakt med styresmaktene, og fekk avtalar om eigedomskjøp. Og med skogbruksverksemda har Mada Woodlands både samfunnsutvikling og business på dagsorden. Fleire investorar har alt kjøpt seg inn.
— Slik marknaden er nå, ser me forretning i skogreisinga her. Det er langsiktig, men likevel ikkje like lang tidshorisont som i Noreg. På seks til åtte år kan dyrkinga på 10.000 mål gi 500.000 kubikk, fortel Hustveit og Hansen.

I følgje tal frå Utanriksdepartementet levde 66,3 prosent av folket på Madagaskar under fattigdomsgrensa i 2007, og om lag fem prosent av 18 millionar gasserar er arbeidslause. Norad (Direktoratet for utviklingssamarbeid) har støtta Mada Woodlands, som også har blitt ein av dei største arbeidsgjevarane i området, med 500 gasserar sysselsette.

HUstveit er nå på sin fjerde tur til Madagaskar i år, og ser ikkje bort i frå at det blir endå eit besøk før nyttår. Og det blir fort både pengar og ein del reising sørover når ein byggjer opp skogdrift på ei øy i Indiahavet.
— Ja, det har blitt nokre millionar investert i prosjektet, seier Sverre Hustveit.