Ørjan Strand Eikeland vann både D, C og B-finalen og vart nummer fire i løpet. Likevel var det ikkje godt nok. Det var Hallvard Finnvik som kunne utropast til Vestlandsmester.
– Hadde eg greidd tredjeplassen hadde eg tatt meisterskapen og, det er no litt fortærande, men eg fekk nå køyrt mykje, seier ein alltid like blid Ørjan Strand Eikeland, som fekk god hjelp av far sin Øyvind Eikeland, for å halde den luftkjølte bobla i gåande gjennom finalane.
– Papsen trudde ikkje at dette skulle gå an, men mellom finalane køyrde eg opp i depot og der stod han med to spyleslangar og kjølte ned motoren, seier han.
Det var mellom NMK Vikedal-førarane Ørjan Strand Eikeland, Kenneth Johansen og Hallvard Finnvik at kampen stod, men ingen av dei hadde heilt dagen. Kenneth Johansen var etter innleiande klar for C- finale, medan Hallvard Finnvik ikkje var i finale i det heile, og enda på ei skuffande 46 plass i løpet.
– Eg hadde så absolutt ikkje dagen i bilen eg fekk låne av Reidar Skeie. Bilen var nok god nok, det var nok eg som svikta i dag.
Då finalane starta var han på plass i speakerbua saman med speaker Ole Sigve Leifsen, for å kommentere det heile.
– Eg greidde ikkje å seie så mykje då Ørjan var klar for A-finale, og måtte bli nummer tre for å ta meg. Etter løpet gjekk det rykte om at eg hadde spent hol i golvbelegget i speakarbua og det an godt hende, for dette blei spanande.
Det var eigentleg Kenneth Johansen som hadde den største sjansen på å slå Hallvard Finnvik samanlagt, men då Ørjan Strand Eikeland skaut ut som ein rakett i C-finalen, måtte også han gi tapt.
– Det var nok ein tjuvstart det, seier Kenneth Johansen, noko Ørjan Strand Eikeland ikkje vil nekte for.
– Ser ikkje vekk få at det var ein tjuvstart. Eg såg etter flagget, men då det ikkje kom, var det berre å gi gass.
Dermed var Hallvard Finnvik mester, eitt fattig poeng føre Ørjan Strand Eikeland, som igjen hadde fem poeng å gå på til Kenneth Johansen.
Firdobbelt igjen
Ikkje nok med at NMK Vikedal tok dei tre første plassane i samandraget, for tredje gong denne hausten blei det firdobbelt til klubben.
– I dag har eg tenkt å vinne heile greia, var Hans Kristjan Kristjanson sin kommentar til speaker etter at han hadde vunne det første heatet sitt.
Han gjekk vidare og vann også dei to siste omgangane og hadde 30 poeng. Det same hadde også Vidar Miljeteig og Per Gaute Østbø. Til slutt var det Vidar Miljeteig som drog det lengste strået, føre Østbø og Kristjanson, og altså Ørjan Strand Eikeland på fjerdeplass.
Hustvedt Lærdal
I juniorklassen var det til slutt NMK Bergen-føraren Alexander Presttun som kunne kårast til meister, sjølv om heller ikkje han heilt hadde dagen.
NMK Vikedal-føraren Trygve Hustvedt Lærdal greidde det han hadde sett seg føre i finaleløpet, nemleg å bli nummer tre samanlagt. Etter at han vann sine to innleingsheat og blei nummer to i det tredje var klar for A-finalen.
– I finalen blei eg pressa ut i første sving, og då eg seinare punkterte blei det ikkje heilt topp, seier Trygve, som likevel kom seg til mål og slo Rubin Stava, som han måtte for å bli nummer tre samanlagt.
Hustvedt Lærdal køyrer rallycross for Moland Racing Team frå Sandeid, som i tillegg til Bjørn Magne Moland Enge i rallycross, har fleire bilcrossbilar med i stallen.
– Eg har to bilar, og totalt disponerer me åtte bilcrossbilar.
Beste alternativ
Under laurdagens Vestlandsmesterskapsfinale i rallycross var det alt før finaleløpet klart at Daniel Holten og Ernst Holten Leifsen, begge NMK Vikedal, var meistrar i dei to minste klassane. Likevel var det spenning rundt ei utfordring som toar i inntil 2400 klassen, egersundaren Johny Brådli, hadde kome før løpet; at han denne gonge skulle han slå Ernst Holten Leifsen. Det greidde han ikkje.
– Blei nok litt stressa, for då eg kom i mål hadde eg gløymt alternativsporet.
Akkurat alternativsporet på Vikedal Motorbane har gitt både bilcrossen og rallycrossen ein ny dimisjon. Ernst Holten Leifsen prøvde det for første gang.
– Det beste alternativsporet eg har køyrt i Noreg så langt, var hans kommentar etter at tredjeplassen var sikra.
Steinar Stokke, NMK Bergen vann klassen føre Ørjan Lutsi NAF Gjesdal.
Skikkeleg punktum
Samanlagt i Vestlandsmeisterskapet var Steinar Stokke også på pallen. Han vart nummer to, mens Johny Brådli vart nummer tre.
Bjørn Magne Moland Enge var nervøs før han for første gong skulle vise seg fram i sin nye Citroen C4 for sponsorar og publikum på heimebane.
– Målet var å få gjort dette på ein skikkeleg måte, og då eg greidde å vinne både løpet og Vestlandsmeisterskapet til slutt, er dette eit skikkeleg punktum for sesongen og inspirasjon til å satse vidare, seier Moland Enge.