For kvar kilometer dei la bak seg sikra dei ein stadig større pott til prosjektet. Med det sette dei 180 elevane rekord på fleire måtar under det årlege misjonsløpet.
— Tidlegare trur eg det er sprunge inn nærare 300.000 kroner, men i år blei både summen og oppslutninga rekordstor, fortel prosjektsjef for Lundenesrussen, Kristian Eiane.
Misjonsløpet er blitt tradisjon ved Lundeneset, og elevane arbeider sjølv med å skaffa sponsorar som anten betaler et fast beløp, eller ein sum per kilometer som elevane legg bak seg.
I år var det om lag 1.200 sponsorar som sikra den rekordhøge summen på 454.278 kroner.
Elevane spring ei eiga løype som er lagt til ved skulen, og på det meste la ein elev bak seg 30 kilometer til inntekt for misjonsprosjektet i Bolivia.
Ein elev klarte å samla inn heile 23.000 kroner på eiga hand under løpet.
— Eg blei heilt rørt då eg høyrte resultatet, seier russepresident Magnus Notland i ei pressemelding frå Lundeneset.