— Useriøst frå oppdrettsnæringa

Kari Aakra I ein kronikk i Grannar torsdag 1. oktober går kommunikasjonsdirektør i Fiskeri- og […]

Kari Aakra

I ein kronikk i Grannar torsdag 1. oktober går kommunikasjonsdirektør i Fiskeri- og havbruksnæringens Landsforrening, Cato Bruarøy til sterkt åtak på Etne elveeigarlag, og dei lokale villaksforkjemparane. Han meiner dei viser lita vilje til samarbeid og dialog med oppdrettsnæringa. «Etne elveeigarlag har vore meir oppteken av å sverte oppdrettsnæringa, enn å arbeide for villaksen. Ingen andre stader i landet er det slik motvilje mot å finne løysingar til beste for naturen og lokalsamfunnet», skriv Bruarøy.

I Etne jeger- og fiskarforeining og Etne Elveigarlag ristar dei på hovudet av kritikken. Tidlegare har møte mellom næring og elveinteresser ikkje alltid fått positive resultat, hevdar leiar i Etne jeger og fiskeforrening, Jan Vinje.

— I motsetning til mange andre plasser i landet, takka me ja til å ta i mot oppdrettsnæringa til eit møte om elva. I etterkant opplevde me at dei brukte dette møtet for å visa styresmaktene at det var eit samarbeid om Etneelva, medan me, tvert i mot, var heller skeptiske til mange av forslaga deira, seier Vinje. 

— Er inviterte

«Dei er ikkje interesserte i korkje dialog eller samarbeid. Nå skal dei på møtet diskutera løysingar for Hardangerfjorden. Kven vil dei diskutera med? Dei har ikkje eingong bedt om innlegg eller forklaring frå ein einaste representant frå oppdrettsnæringa», held Bruarøy fram i kronikken.

— Dette er berre usakleg. Dei er blitt inviterte, men har ikkje fått høve til å komma på sakslista, understrekar Vinje.

Oppdrettsnæringa må kjenna si besøkingsstid. Dette er ikkje eit partisk møte mellom interessene, og næringa skal få komma til ordet, til liks som andre på møtet i morgon, meiner leiar i elveeigarlaget, Vidar Børretzen.

— Det er forskarar og fiskeriforvalting som skal informera på dette møtet. Alle me andre skal lytta, og oppdrettsnæringa kan ikkje bli sure for at dei ikkje får setja dagsorden, seier Børretzen.

Både han og Vinje seier at situasjonen med oppdrettslaks og nedgangen i villaksbestandane ikkje er noko privat sak mellom næringa og dei lokale fiskarinteressene, men ei sak for fiskeforvaltinga.

— Oppdrettsnæringa skal få komma til slik som alle oss andre etter innlegga på møtet. Først og fremst ventar me nå på å få sjå innhaldet i Hardangerfjord-forskrifta. Me vil ikkje væra noko gissel i næringa sin sjarmoffensiv mot styresmaktene før denne forskrifta kjem, seier Børretzen.

Sikrar laksegena

I helga starta det årlege utfiske av oppdrettslaks i Etneelva. Spenninga knytt til omfanget var stort, både kring talet på oppdrettslaks i elva og talet gytefisk. Resultata vert først kjende om nokre veker. Føremålet med stamfisket er og på nytt å sikra genmateriale frå Etneelva til Direktoratet for naturforvalting sin genbank for villaks i Eidfjord. Dette for å sikra villfiskgenane mot genetisk forstyrring frå oppdrettslaksen som blandar seg med villfisken. Også tidlegare er det levert genmateriale frå villaksen i Etne, men dette blei avslutta i 2007, grunna mellom anna kapasitetsvanskar i Eidfjord. Direktoratet for naturforvaltning meiner nå  situasjonen såpass alvorleg at det er naudsynt å få sikra genane att, seier representantane for Etneelva.

— På grunn av den skremmande situasjonen med oppdrettslaks må me på han att for å sikra oss skikkeleg yngel vidare. Eg er fryktleg redd for at det ikkje er mange åra att før dei er blitt utvatna, seier Vinje.