Ut med helsestasjon

    Jon Edvardsen Karen Marie Yrke var på helsestasjonen i Skjold med Amalie Sofie […]

Jon Edvardsen

Karen Marie Yrke var på helsestasjonen i Skjold med Amalie Sofie på 18 månader som skulle til kontroll hos helsesøster  Det var uventa nytt at helsestasjonen er foreslått nedlagt i ei sak som blir lagt fram til politisk behandling på måndag i utval for oppvekst og omsorg.

— Det bur så mange i Skjold at eg synest det er rart at ein vil avvikle tilbodet til barn og gravide i denne delen av Vindafjord. Det blir ei ekstra belastning å reise til Ølen. Det er viktig å ha eit slikt tilbod nær der ein bur, seier Yrke.

Forslaget om å avvikle i Skjold og Vikedal og samle helsestasjonane i Ølen, skal opp i utval for utvekst og omsorg, og seinare i kommunestyret. Dersom det blir vedtatt, må kommunen skaffe nye lokale til helsestasjonen i Ølen.
Kommunepolitikar Reidar Håvås (Ap) meiner det er eit dårleg forslag å sentralisere denne tenesta i Ølen.
— Det er lite og ingenting å spare på det, og det er ikkje meininga heller. Men det er billigare samfunnsmessig at ei helsesøster reiser til Skjold enn at alle her ute reiser til Ølen, meiner politikarveteranen frå Skjold.

Formannskapsmedlem Anne Gro Magnus (Sp) frå Vikedal er også i utgangspunktet skeptisk til nedlegginga.
— Vi bør prøve å behalde det vi har i bygdene. Eg har ikkje sett meg så nøye inn i saka enno sidan ho skal opp eit utval og ikkje i formannskapet. Men vi skal diskutere saka i gruppa, seier Magnus.

At folk alltid skal møte nokon når dei ringjer helsestasjonen, pluss eit felles fagmiljø, skal vere blant gevinstane ved sentralisering av helsestasjonane.

Stasjonen i Ølen har ope alle yrkedagar i veka, Skjold nesten alle, og Vikedal tre-fire dagar i veka. Ved sentraliseringa til ein stasjon blir det bemanning heile tida for alle delar av Vindafjord på stasjonen i Ølen.
— Det er eit viktig moment sidan mykje av det brukarane lurer på, kan bli løyst per telefon. I tillegg er det ikkje fleire i denne tenesta enn at dei som arbeider der har bruk for eit felles miljø der ein kan rådføre seg, seier kommunalsjef for helse og omsorg i Vindafjord, Gunn Vikingstad.

Les meir i papiravisa