AF Gruppen sende ut ei børsmelding i dag der dei varslar at selskapet har anka dommen frå Haugaland tingrett. Raunes Fiskefarm reiste eit erstatningskrav på inntil 100 millionar kroner, og Haugaland tingrett konkluderte med at AF Gruppen må betale 40 millionar kroner for tap og ulemper fiskefarmen vart påførte av naboen på Raunes industriområde i Nedre Vats. Det galdt mellom anna fiskedød, tapte inntekter og kostnader med å flytte anlegget. Dommen fall i starten av november, og 29 millionar kroner av erstatningssummen var knytt til at Raunes Fiskefarm AS må etablere seg på ein ny stad.
AF Decom ankar dom
AF Gruppen sende ut ei børsmelding i dag der dei varslar at selskapet har anka […]