Færre ledige stillingar

Nærare 5.700 hordalendingar er heilt arbeidsledige ved utgangen av november. Dette tilsvarar 2,2 prosent av […]

Nærare 5.700 hordalendingar er heilt arbeidsledige ved utgangen av november. Dette tilsvarar 2,2 prosent av arbeidstyrken i fylket, og utgjer inga særleg endring frå førre månad. Heller ikkje i nabofylket har arbeidsløysa endra seg betydeleg frå førre månad. Det var registrert om lag 5.000 arbeidsledige Rogalendingar ved utgangen av november i følgje tal frå Nav. Dette utgjer 2,1 prosent av arbeidstyrken. Begge fylka ligg godt under landsgjennomsnittet der arbeidsløysa nå ligg på 2,6 prosent.

Frå oktober til november har ledigheita auka noko i Grannar-distriktet. Førre månad auka arbeidsløysa med 11 personar i Vindafjord, denne månaden har antal personar heilt ledige i kommunen auka med fem. Total er 54 heilt ledige i kommunen. Dette utgjer 1,2 prosent av arbeidstyrken.
I Etne kommune er tala noko meir stabile. Ved utgangen av november er 27 personar heil ledige, mot 25 førre månad. Dette tilsvarar 1,3 prosent av arbeidsstyrken.

Talet på ledige stillingar i dei to fylka går ned. I november var det om lag 200 færre stillingar i kvar av dei to kommunane enn oktober månad. Likevel ligg dette på eit høgt nivå. Rogaland er blant dei tre fylka med flest utlyste stillingar.

Medan 1.200 personar med høgare utdanning var utan arbeid i november, sto 3.900 med utdanning frå vidaregåande eller lågare i same situasjon. Fylkesdirektør i Nav Hordaland, Anne Kverneland Bogsnes oppmodar unge arbeidsledige til å nytta tida på å auka kompetansen.
Bogsnes understrekar også at det er oljeverksemda som reddar Vestlandet frå den store arbeidsløysa. Dei fire Vestlandsfylka har lågast ledigheit i landet.
— Det er 80.000 tilsette i verksemder som leverer varer og tenester til oljeselskapa. Store deler av desse held til på Vestlandet. Oljesektoren har gjennomført planlagde investeringar i 2009, noko som har ført til stor grad sysselsetjing i desse fylka.