Fleire hundre fiskar døydde

Jon Edvardsen Utsleppet kom etter eit uhell der parafinen enda i eit dreneringsrøyr og ikkje […]

Jon Edvardsen

Utsleppet kom etter eit uhell der parafinen enda i eit dreneringsrøyr og ikkje i tanken i eit privathus.

Både politi, brannvesen og representantar frå Vindafjord kommune på plass ved elva tysdag kveld.
— Vi registerte fiskedød frå E134 og nesten ned der bekken går ut i Skjoldafjorden. Det er snakk om ein liten kilometer. Vi tok også vassprøver, men det var ingen tvil om kva det var og kvar parafinen kom frå, seier Tor Gunnar Skaar, leiar for kommunaltekniske tenester i Vindafjord kommune.

— Eg er overraska over kor mykje fisk det er snakk om. Det er eit par hundre døde fiskar, kan eg tenkje meg, seier han.
Han er også overraska over kor sterkt parafinen lukta så mange timar etterpå.
— Det må ha utvikla seg ei sterk gift ved at parafinen blanda seg med vatnet. Det er ikkje liv i elva, seier han.
Skaar kontakta Miljøvernavdelinga hos fylkesmannen i Rogaland, men dei overlet til kommunen å ordne opp og avgrense ein skade som var skjedd.

Han har ikkje oversikt over den biologisk skaden, men han reknar med at det først og fremst handlar om fiskedød, og at elva kjem tilbake i gjenge når parafinen er vaska ut.

Les meir i papiravisa